Hopp til innhold

Optimistiske fruktbønder etter skrekkens år

Fruktbøndene i Hardanger har fått utbetalt nær åtte millionar kroner i skadeerstatning etter den elendige sesongen i fjor. Men i år er bøndene langt meir optimistiske.

Plommetre i Hardanger

FRÅ SI BESTE SIDE: Hardanger har fått vise seg fram i særs godt vêr so langt denne sesongen. Det gjer at bøndene ser langt lysare på årets sesong, i forhold til katastrofesesongen i fjor.

Foto: Tale Hauso / NRK

Heile 146 søknader om erstatning for skada frukt fekk Fylkesmannen på bordet i 2015. Så langt er 130 av søknadane behandla og det er utbetalt heile 7,8 millionar kroner. Det er rekord.

Det herskar liten tvil om at 2015 soleis var eit skrekkens år for fruktbøndene i Hardanger.

– Dei klimatiske forholda for blomstringa slo svært uheldig ut i Hardanger i fjor. Det er heilt spesielt, det er brutalt rett og slett når ein ser på erstatningssummane, seier Øyvind Vatshelle hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Forseinka med utbetalingane

Han har ikkje sett makan til tal på erstatning for avlingsskadar. Av dei rundt 300 bøndene som driv med fruktdyrking i Hordaland, har nær halvparten søkt om erstatning.

Så mange søknadar har komme inn, at Fylkesmannen framleis behandlar, månader på overtid.

– Det er så usannsynleg mange søknader. Vi hadde eit mål om vera ferdig for to månader sidan, forklarar Vatshelle, og viser til 2014 for å syne kontrasten.

– Vi betalte ut 15.000 kroner etter 2014. Det seier litt om forskjellen. Men så var også 2014 eit utruleg godt år for fruktbøndene.

Fruktbonde Magnus Opedal i Ullensvang

FRUKTGLISET: Fruktbonde Magnus Opedal i Ullensvang ser svært positivt på årets fruktsesong i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Optimistiske for 2016

Ein av dei som har søkt om skadeerstatning etter 2015, er fruktbonde og leiar i Ullensvang Hagebrukslag, Magnus Opedal.

NRK møter bonden på garden der har går rundt og sjekkar knytingane på trea.

Med mange fine soldagar og god varme så langt i år, ser Opedal langt lysare på 2016 enn på same tid i fjor.

– Det var veldig kaldt i fjor. Det skjedde eigentleg ingenting her, alt stod berre og sturte. Verste på bortimot 50 år, forklarer Opedal. I forhold til 2014 gjekk produksjonen hans ned med 60 prosent i 2015.

– Men fruktbøndene gjer alt dei kan for å ein god sesong i 2016. Optimismen rår med det været som me har hatt so langt i vår, avsluttar Opedal.