Hopp til innhold

Politiet vil flytte

Politiet i Hordaland vil vekk frå Bergen sentrum. Dei vil flytte til Nygårdstangen.

Bergen Politikammer
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Kontorkapasiteten ved politikammeret i sentrum er sprengd.

Politiet har i dag ein kronglete labyrint som hemmar tenesta, meiner politimeister Ragnar Auglend.

Han er ikkje nøgd med bygningsmassen han har til rådvelde i sentrum.

Trangt om plassen

Den viktigaste grunnen er at det er blitt for lite til at politiet kan vera effektive. Politikammeret frå 1965 har ikkje lenger dei fasilitetane som skal til for å ivareta eit godt arbeidsmiljø og meiner Auglend.

- På sikt er dette etter vårt syn intet godt alternativ for et politihus som skal være hovedkvarter i 25-30 år framover.

450 personar jobbar til dagleg på politikammeret. Leiar av Politiets Fellesforbund i Hordaland, Jan Martin Skulstad, seier det er ein aukande frustrasjonen blant dei tilsette over plassmangelen.

- Et nytt bygg bør være på plass så fort som mulig. Og da må vi være realistisk og si at det går et par år, tror Skulstad.

Nabo til ny brannstasjon

Politiet i Hordaland ønskjer seg eit nybygg på Nygårstangen. Og Bergen kommune har sine arealplanar signalisert at dei kan slå seg ned på den såkalla trekanttomta mellom Bystasjonen og den nye Brannstasjonen. Perfekt meiner politimeister Auglend:

- Politiet vil lett komme til de kommunikasjonakser som gjelder i Bergen og så vil det ligge sentralt til for publikum.