Hopp til innhold

Vil ofra garden for å redde bygda

VAKSDAL (NRK): Vegvesenet vil legge ny E16 tvers gjennom Vaksdal sentrum. Familien ber dei heller ta garden deira.

Margreta Boge og Torunn Tolås

DET BESTE FOR BYGDA: Torunn Tolås og Margreta Boge ved gardshuset på Tolåsen. Dei ofrar gjerne garden om det betyr at Vaksdal sentrum blir spart for ny E16.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Det er fælt, men vi er klare for ofra huset til fordel for heile Vaksdalsbygda.

Margreta Boge og dottera Torunn Tolås står utanfor gardshuset på Tolåsen i Vaksdal, aust for Bergen. Huset og garden har i fleire tiår høyrd til familien.

Får ordføraren og fleirtalet av sambygdingane som dei vil, vil den nye europavegen mellom Bergen og Voss flyttast ut av sentrum og i staden gå rett gjennom garden deira.

Heller eit hus enn ei heil bygd.

Torunn Tolås
Vaksdal med nytt E16-alternativ

SLIK VIL DEI HA DET: Togstasjon i sentrum og ny E16 gjennom Tolåsen (raud ring), der garden til Torunn og Margreta ligg i dag.

Foto: Norconsult

Anbefalinga frå Vegvesenet vil riva fleire hus

Men familien har ingen planar om å vera vanskelege sjølv om garden blir jamna med jorda.

Det hastar å erstatta dagens ras- og ulukkesutsette E16, og dei vil ikkje stogge framdrifta.

– Vi vil helst ha vegen her. Eg meiner alternativet, å dela Vaksdal sentrum i to, er galskap, seier Boge.

Som NRK har omtalt, vil planleggarane heller tilrå å legga E16 og jernbana saman gjennom Vaksdal sentrum. Dette fordi alternativet gjennom garden på Tolåsen vil kosta opp mot 250 millionar kroner meir.

Planleggarane har allereie fått streng beskjed om å halda kostnadane nede.

Ny E16 og jernbane gjennom Vaksdal sentrum

VEGVESENET SITT ØNSKJE: Nye Vossebanen og ny E16 side om side, tvers gjennom Vaksdal sentrum.

Foto: Statens vegvesen/Norconsult

Tungt hjarte

Men det er ikkje Vegvesenet som tek den endelege avgjerda. Ordførar Eirik Haga (Ap) står klar til å kjempa vidare, no som planleggarane har skissert ut eit alternativ som går utanom bygda.

– Vi kan ikkje legge oss på rygg og la lokalsamfunnet bli utsletta.

Anbefalinga til Vegvesenet vil føra til at fleire hus i Vaksdal sentrum må rivast. Familien på Tolåsen er samde med ordføraren sin, og meiner bygda vil bli øydelagd.

– Det er fleire som blir råka av det, medan her i Tolåsen er det berre vårt hus. Mitt gode samvit seier at Vaksdal skal vera ei heil bygd. Så då er det betre at dei tek garden, seier Boge.

Verken ho eller dottera legg skjul på at det likevel er tungt å kanskje måtte forlata Tolåsen. På Facebook-gruppa "Ny E16 Bergen-Voss umiddelbart" har familien skrive kva dei meiner om saka.

– Det er ikkje med lett hjarte eg skriv dette, men heller eit hus enn ei heil bygd, skriv Torunn Tolås og får varm støtte frå fleire av sambygdingane.

Steinras E16 ved Voss

VANLEG KOST: Ras og skred har i mange år råka både E16 og Bergensbanen jamnt og trutt.

Foto: Dronefoto/Bergen brannvesen

Leverer rapport i haust

Prosjektet med ny E16 og Vossebane mellom Arna og Stanghelle har ein førebels kostnad på over 21 milliardar kroner. Planlegginga held fram og det er venta at ein er klare med ein rapport som har skild ut dei beste trasévala innan kort tid.

I haust skal også NVE gjere flaumundersøkingar i Vaksdal, samstundes som det blir gjennomført seismikk- og grunnundersøkingar for å finne ut kva kvalitet Vaksdals-fjella har.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), som ifølge Bygdanytt har besøkt Vaksdal kommune elleve gongar på fire år, har lova byggestart av ny bane og veg i 2022.