NRK Meny
Normal

Ny varslarsak hjå bergenspolitiet

Vest politidistrikt har fått ei ny varslarsak. Varselet inneheld mellom anna kritikk av praksisen til bergenspolitiet i narkotikasaker.

Politihuset i Bergen

NY VARSLARSAK: Ein tilsett i bergenspolitiet meiner det ikkje vert sett inn nok ressursar i kampen mot narkotikakriminalitet. Varselet skal handsamast i den nyoppretta varslargruppa i Vest politidistrikt.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Ein tilsett har laga eit dokument som vi behandlar som ein varslingssak, seier Kaare Songstad i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Etter det avisa kjenner til meiner varslaren at politiet ikkje set inn nok ressursar i kampen mot kriminalitet, og det er særleg narkotikakriminalitet som er tema i varselet.

Kritikk

Politiet i Bergen har tidlegare måtta tola krass kritikk for behandlinga av politimannen Robin Schaefer, som var varslar i samband med etterforskinga av Monika-saka.

No er det ifølge BT fleire tilsette i bergenspolitiet som meiner politiet burde gjort meir opp mot narkotikakriminalitet, men også mogleg menneskehandel og hallikverksemd.

– Det som krev innsats og arbeid for å avdekkast, blir i altfor stor grad liggande. Det er ikkje nok ressursar, seier ein tilsett til avisa.

Kaare Songstad

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt har fått ei fersk varslarsak på bordet.

Foto: Paul S. Amundsen, Amundsen, Paul Sigve / NTB scanpix

– Blir tatt på alvor

Den nye varslargruppa i politidistriktet skal behandla varselet i det første møtet sitt 18. august. Varselet, som skal vera omfattande, vart sendt i april.

Ein av dei som sit i den nyoppretta gruppa er politiførstebetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor.

– Eg vil bidra til at varsling blir tatt på alvor, sa Aarsand til NRK onsdag.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.