Hopp til innhold

Venninnene tok over kafé – no er den på favorittlista til USAs største avis

VOSS (NRK): – Kjempegøy og stor stas, seier Jeanette Lillås. Urnorske øltradisjonar og spektakulære klatrestiar gjer at du må reisa til Vestlandet i år, meiner the New York Times.

Jeanette Lillås på Tre Brør kafé på Voss

TRE BRØR: Tre Brør blir omtala blant stadene det er verdt å besøka på Vestlandet. – Stort, seier drivar Jeanette Lillås.

Foto: Tale Hauso / NRK

I dag vakna Lillås opp til omtale av kafeen sin i ei av verdas største kvalitetsaviser. Ved starten av kvart år presenterer the New York Times 52 reisedestinasjonar å besøka i årets 52 veker.

For 2019 anbefaler reisejournalistane i den amerikanske storavisa eit besøk til Vestlandet, meir spesifikt Voss i Hordaland og Loen i Sogn og Fjordane.

Vestlandet er i selskap med blant andre Dakar, Las Vegas, Aalborg og Azorene. Puerto Rico toppar lista, med Vestlandet på 35.-plass. Du kan sjå heile lista her.

– Landlege Vestlandet, som byr på noko av det vakraste landskapet i Skandinavia, vekkar interessa til dei som likar friluftsliv. Spesielt for dei som tek ølet sitt seriøst, skriv New York Times om regionen.

Loen Skylift

GONDOL: Klatrestien og gondolbana Sky Lift i Loen i Nordfjord er anbefalte reisemål.

Foto: Silje Guddal / NRK

Skryt av norsk øl

For det er først og fremst lokale øltradisjonar som blir trekt fram. Serveringsstadane Tre Brør og Smalahovehuset, begge på Voss, blir trekt fram som stader å besøka for å prøva ut den særnorske kveik-ølen.

Det same blir Cardinal pub og bar i Stavanger.

– Baren serverer den beste kveikølen på Vestlandet, heiter det i reiseanbefalinga.

– Kveik er gamal gjær, men har jo blitt supermoderne, seier Lillås om den amerikanske interessa.

Kveik er ein særnorsk type ølgjær som tradisjonelt har blitt nytta i ølproduksjonen her til lands. Tradisjonane har forsvunne med tida, men på Vestlandet har bruken av den særskilt fruktige kveikgjæren blitt halde i hevd og blitt svært populært dei siste åra.

Tre Brør kafé og bar på Voss

KVEIK: Tre Brør serverer fleire typar kveikøl produsert av bryggeri i regionen. Bryggarar på Vestlandet har halde i hevd tradisjonen med bruken av kveikgjær og einer i øl.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er kjempegøy og stor stas. Me har mange turistar her allereie som er veldig begeistra for naturen. Så er det også ekstra kjekt å kunna tilby noko meir, spesielt noko så tradisjonsrikt som kveikøl, seier Lillås.

I lag med Carolina Solstad Sandbrook tok ho over drifta av Tre Brør på Vossevangen i fjor, og står også bak Voss bryggeri. Bryggeriet har i mange år nytta kveikgjær og einer – begge tradisjonelle ingredienser i norske gardsbrygg.

– Norsk øl har godt ry

No haustar norske bryggeri fruktene ved at utlandet opnar augo for norsk handverksbrygg. Gledeleg, meiner direktøren i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

– Omtalen er hyggeleg og viser at det arbeidet som har blitt gjort med å løfta fram dei gamle, norske gjærtypane har blitt lagt merke til blant ølnerdar verda over, seier Petter Nome.

Nome har sjølve vore på ølfestival i Praha og fått servert tsjekkisk øl med norsk kveik.

Skjermdump fra NYT sin kåring over anbefalte reisemål

ØL I FOKUS: «Eit idyllisk paradis for fjellklatrande ølelskarar», skriv New York Times om Vestlandet. Cardinal pub i Stavanger blir trekt fram i oversikta – for sitt utval av kveikøl.

Foto: Skjermdump / New York Times

– Det viser at me har rett når me seier at norsk øl har eit godt ry internasjonalt, seier Nome, som synest det er spesielt kjekt at baren Cardinal i Stavanger, so var tidleg ute med å tilby eit breitt utval av øl, blir lagt merke til.

Norsk kornølfestival i Hornindal blir også trekt fram av redaksjonen i ei av verdas største aviser som eit anbefalt mål for ølglade reisande.

Luftige Loen

Gondolbana Sky Lift i Loen er blant få konkrete attraksjonar som blir trekt fram. Den spektakulære klatreløypa «Via Ferrata Loen», som tek deg frå fjorden til toppen Hoven 1011 moh. på fem-seks timar, får også merksemd i storavisa.

Etter opninga i 2017 har reiselivet i indre Nordfjord hatt ei enorm oppsving.

– Klatreruta byr på ei av dei lengste «via ferrata»-hengebruene i Europa, heiter det om den luftige opplevinga.