Hopp til innhold

– Fullstendig uakseptabel oppførsel

Oppheita taxikrangel i Bergen enda med kollisjon. Norgestaxi refsar oppførselen og beklagar ovanfor passasjerane.

Taxibommen på Flesland

STARTA KRANGELEN HER: Krangelen som til slutt enda med ein taxikrasj i Bergen, starta her ved dei nye taxihaldeplassane på Flesland. (Arkiv)

Foto: Christian Lura / NRK

Det var natt til søndag at ein heftig krangel om drosjekundar førte til at ein sjåfør skal ha krasja inn i ein anna taxi med vilje ved Lagunen i Bergen.

Ein mann i 30-åra er fråteke førarkortet etter kollisjonen.

– Dette er ikkje kvardagskost. Vi etterforskar saka vidare, med avhøyr av begge sjåførane, seier politistasjonssjef Morten Ørn ved Bergen sør politistasjon.

Filma kollisjonen

Politiet fekk melding om den mildt sagt spesielle hendinga like før klokka 01.00 søndag. Tumultane mellom dei to kollegaene skal ha starta ved Bergen lufthamn, Flesland, der dei var usamde om kven som var først i køen inn til kundar som stod og venta.

Etter at to vaksne og eitt barn sette seg inn i den eine taxien og køyrde av garde, la den misnøgde taxisjåføren seg på hjul. Ved Lagunen skjer kollisjonen.

– Han svingar ut i vegbana like før drosjen med passasjerar køyrer forbi, fortalde operasjonsleiar Eivind Hellesund i politiet til NRK sundag.

Politiet har video av kollisjonen, fordi passasjerane i drosjen filma store delar av seansen.

flesland kollisjonen

Beklagar oppførselen

Måndag bekreftar regiondirektør Roar Refseth i Norgestaxi at begge dei involverte taxisjåførane køyrer for dei. Han beklagar oppførselen på det sterkaste.

– Eg har førebels berre snakka med han som vart påkøyrd. Men ut ifrå kva han har forklart og det politiet seier, så er det sjølvsagt at dette er heilt uakseptabelt, seier Refseth.

Han legg til at han aldri før har høyrt om noko liknande i taxibransjen.

– Og eg håpar eg aldri får høyre om det igjen. Vi kjem til å forfølge saka internt og vil snakke med begge partar. Men det er for tidleg å seie kva reaksjonar sjåføren kan vente seg.