Hopp til innhold

Krangla om kundar – krasja i taxikonkurrent med vilje

Usemje om kven som var først i taxikøen på Flesland resulterte i biljakt og tilsikta kollisjon i Bergen i natt. – Meiningslaus åtferd, seier politiet. Drosjesjef kallar hendinga ekstrem.

Taxikrasj ved Lagunen

Klokka 00.57 natt til sundag fekk politiet melding om at ein drosjesjåfør hadde krasja i ein konkurrerande bil med vilje.

Kollisjonen skjedde ved Lagunen i Bergen, men det var på Bergen lufthamn Flesland tumultane starta.

  • Har du tips eller bilete?

Heiv seg på hjul to gongar

To drosjesjåførar i 30-åra var usamde om plassen i køen. Tre passasjerar, to vaksne og eitt born, sette seg inn i ein av dei ventande drosjane, som starta turen i retning sentrum.

Ein svært misnøgd taxisjåfør la seg på hjul etter drosjen, og fekk stoppa kollegaen ved ei rundkøyring ved Sandsli. Føraren av den jagande bilen meinte det var hans tur å plukka opp passasjerar, noko den andre tilbakeviste på det sterkaste.

– Den bakarste føraren kom køyrande etter gjennom Flyplassvegen og fekk stoppa drosjen med passasjerar i ei rundkøyring. Dei to kranglar ei stund om kven som har rett, før føraren med passasjerane held fram mot Lagunen. Den andre hiv seg på hjul – igjen, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Ved bussterminalen ved Lagunen stoppar drosjen utan passasjerar i ei busslomme. Han ventar til konkurrenten med kundar passerer før han set inn nådestøtet.

– Han svingar ut i vegbana like før drosje nummer to skal passera. Drosjen klarar sjølvsagt ikkje stoppa, og krangelen endra i ein kollisjon, fortel Hellesund.

Filma drosjekrangelen

Politiet har sikra seg videobevis av hendinga. Ein av passasjerane i drosjen filma sekvensen frå Sandsli til kollisjonen ved Lagunen.

Ingen personar vart skadd i kollisjonen, men den iltre taxisjåføren har fått meir enn berre ei ripe i lakken. Politiet har kverrsett førarkortet og oppretta sak mot han.

– Eg har ikkje vore borti at ein krangel resulterer i ein tilsikta krasj før. Det er meiningslaust, seier Hellesund.

– Ei uakseptabel ekstremhending

Jan Valeur er administrerande direktør i Bergen Taxi, som er det største taxiselskapet i Bergen. Etter det han kjenner til er ingen av hans sjåførar eller løyvehavarar involverte.

Jan Valeur

EKSTREMHENDING: Jan Valeur er direktør i Bergen Taxi. Han kjenner ikkje til at nokon av dei involverte sjåførane er tilknytt hans selskap. Han kallar episoden ekstrem og øydeleggjande.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Eg går uansett ut frå at dette blir fylgt opp av den ansvarlege leiinga når det blir kjend, seier Valeur, som legg til at han aldri har vore borte i liknande episodar.

– Ikkje episodar der ein sjåfør blokkerer for ein annan. Drosjenæringa er ei stor næring med mange sjåførar og løyvehavarar. Då kan ting skje. Men slik eg forstår denne hendinga er ho ei heilt uakseptabel ekstremhending som er med på å gje næringa eit dårleg omdøme, seier Valeur.

Han understrekar at kunden alltid har rett til å velja kva taxiselskap han ynskjer å nytta seg av.

– Det må alle akseptera. Elles er det kutyme for at den som kjem først inn på ein haldeplass får tur først. Kva som har skjedd i denne situasjonen, det veit ikkje eg.