Hopp til innhold

Noregs beste poesifylke

Når landets beste dikt skal kårast søndag kveld, har Hordaland 50 prosent sjanse for å vinna. Tre av dei seks finaledikta er nemleg frå dette fylket. Blir vinnaren Olav H. Hauge eller Arnulf Øverland?

Olav H. Hauge

FAVORITT: Olav H. Hauge har skreve to av dei seks dikta som i kveld kan bli kåra til landets beste.

Foto: Odd E Nerbø/Bergens Tidende

Desse poetane står nemleg bak halvparten av dikta som det skal stemmast over.

Olav H. Hauge frå Ulvik i Hardanger er representert med to dikt: «Det er den draumen» og «Kvardag», medan bergensaren Arnulf Øverland er i finalen med diktet «Du må ikke sove».

Arnulf Øverland

FINALIST: «Du må ikke tåle så inderlig vel...» skreiv Arnulf Øverland.

Foto: NTB / SCANPIX

Ei anna bygd er like godt representert som Ulvik i denne konkurransen: I Bøgrend i Vinje kommune budde eit ektepar som er vald ut med eitt dikt kvar: «Innbying» av Tarjei Vesaas og «Ord over grind» av Halldis Moren Vesaas.

Den sjette finalisten er «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder frå Stavanger.

Søndag kveld kan du stemma på dine favorittar på sms, under ei 5 timar lang direkte-sending på NRK2 og NRK P2 frå Litteraturhuset i Oslo kl. 18.00-23.00.

Dei seks finalistar er plukka ut ved at ei ekspertgruppe først nominerte 100 dikt, før ein jury valde ut 30 dikt, og det norske folk deretter stemde fram dei seks finalistane i sommar.