Hopp til innhold

Tapte kampen mot tabellnaboen

Nest-Sotra gjekk på ein smell heime mot Hødd søndag kveld.

Nest-Sotra

LITE Å JUBLE FOR: Hødd tok med seg alle poenga frå Ågotnes idrettsanlegg søndag kveld. Her feirar Nest-Sotra spelarane i ein kamp frå i vår som enda mykje hyggelegare for dei grønkledde.

Foto: Astrid M. Nordhaug/Digitalsport

Før møtet låg Nest-Sotra på 8. plass i 1. divisjon, medan Hødd var på plassen bak med like mange poeng. Det var kun målskilnaden som skilte dei to før dagens kamp.

Nest-Sotra fekk ein opptur etter bortesigeren mot Alta i 20. serierunde, men var tilbake att på jorda etter 4–2 tapet mot Tromsø førre måndag.

Og det vart ikkje betre for dei grønkledde søndag kveld. Hødd vann 1-0 og tok med seg alle poenga heim. Samstundes rykkjer dei forbi Nest-Sotra på tabellen, som no ligg på 9. plass med 27 poeng.

Avgjerda fall i det 52.minutt då Robin Shroot sette inn kampens einaste mål.