Bilder fra bombingen av Laksevåg
Rikstrygdeverket nektar å gje 68 år gamle Otto Ingebrigtsen krigspensjon. Han var blant dei mange elevane ved Holen Skole på Laksevåg som opplevde å bli bomba 4.oktober 1944.
Otto Ingebrigtsen. Foto: NRK
Skulte plagene
Fleire av elevane har fått krigspensjon på grunn av plager dei fekk etter dei traumatiske opplevingane.
Otto Ingebrigtsen stilte idag i Gulating lagmannsrett for å bli trudd.
- Den største plaga har vore å skjula det eg har vore plaga med, seier Ingebrigtsen.
I 57 år har han strevd med å skjula plagene han meiner at han fekk som 7-åring.
64 omkom under bombinga
61 medelevar, to lærarar og vaktmeisteren blei drepne under den dramatiske bombinga i 1944.
I 2001 søkte Ingebrigtsen om krigspensjon på grunn av angst, depresjonar, psoriasis og søvnproblem, men Rikstrygdeverket nektar for at desse plagene skuldast opplevingar knytta til krigen.
Finn ikkje dokumentasjon
I retten i dag sa advokaten til Rikstrygdeverket at dei ikkje finn dokumentasjon for at Ingebrigtsen opp gjennom åra har brukt krigstraumer som forklaring på plagene sine.
Men Ingebrigtsen sjølv meiner at det må vera innlysande at slike opplevingar for ein 7-åring får alvorlege følgjer.
- Når eg var på skulen så var det jo den panikken med å komma seg ut. Eg hugsar det så godt, og det er ikkje lett å bli kvitt slike inntrykk, fortel han.
To mot ein
Tre rettspsykiatarar har vurdert Otto Ingebrigtsen for å finna ut om han er kvalifisert for krigspensjon. Desse deler seg to mot ein.
Terje Andersen og Bertholdt Grunfeldt meiner at problema hans ikkje kan forklarast med bombeopplevinga som 7-åring, medan Bjarte Stubhaug heilt klart meiner at problema skuldast krigsopplevingane.
Desse tre psykiatarane følgjer rettssaka, og skal i morgon vurdera om det kjem fram nye opplysningar som endrar deira syn.
Lise Kvinnsland Foto: NRK
- Historia er viktig
Lise Kvinnsland er forsvararen til Ingebrigtsen, og har óg vore advokat for dei som har fått medhald i spørsmålet om krigspensjon utan å gå til retten.
Ho trur at lagmannsretten vil gje Ingebrigtsen medhald óg.
- Eg tykkjer det viktigaste er hans eiga historie, og den blir støtta historiane til personar som var med han på skulen då dette skjedde.
Sakkunninge kan sjølvsagt vera usamde, men eg trur retten vil komma til at han er truverdig, seier ho.