Hopp til innhold

Nasjonal turistveg unngjekk ras. Dette gjerdet stoppa steinblokker straks det var bygd

GRANVIN (NRK): – Flaks at ingen jobba der då raset gjekk, seier geolog. Utan gjerdet ville turistvegen ha vore stengd i 14 dagar for å sikra bergflaket.

Rasgjerde i Granvin

STOPPA HER: Bak gjerdet ligg om lag fem kubikkmeter stein som unngjekk å treffa vegen.

Foto: Statens vegvesen

Fylkesveg 7 langs vestsida av Hardangerfjorden er ein av vegvesenet sine 18 nasjonale turistvegar.

I juni blei eit nytt rasgjerde sett opp i Granvin i Hordaland. Det skulle visa seg å vera i siste liten: I august oppdaga Statens vegvesen at store steinblokker hadde gått rett i gjerdet.

– Utan gjerdet kunne raset fått konsekvensar for både liv og trafikk, seier geolog Harald Hauso i Statens vegvesen til NRK.

FLAKS: Raset trefte det nye rasgjerdet på fylkesveg 7 mellom Granvin og Kvanndal.

Kan koma fleire ras

Om lag fem kubikkmeter stein losna 50 meter over vegen og datt ned fjellsida. Skråninga heller 55 gradar på denne plassen, så steinane har hatt god fart ned.

Rasekspertar meiner det er sjanse for fleire ras akkurat her, på vegen der tusen bilar passerer kvart døger. Etter at raset vart oppdaga, sette vegvesenet ut vakthald, og området vart undersøkt frå helikopter.

Geolog Harald Hauso i Statens vegvesen

RASEKSPERT: Harald Hauso i Statens vegvesen seier det er sjeldan eit rasgjerde så raskt fangar stein.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Aldri heilt trygg

– Me som bur her, veit jo kor mykje laust fjell det er oppi der. Dei som fer forbi ofte, opplever jo stadig at det ligg småstein i vegen som lett kunne knust ei frontrute.

Det seier ordførar Ingebjørg Winjum (V) i Granvin.

– Under desse bergskortene i Hardanger kan ein aldri vera heilt trygg. Eg tenker det er bra at me har fått desse gjerda som i alle fall vil forhindra noko.

Rasgjerde er sett opp i bratt terreng mange stader i landet. Og dei stoppar store og små ras før steinane treff vegbana. Men sjeldan er det funne ras så raskt etter at gjerdet vart sett opp.

– Fanggjerde er ikkje løysinga alle plassar, men mange stader er det gode greier. Du får ei umiddelbar sikring, seier Hauso.

Staden der bergflaket losna og rasa ned mot fylkesveg 7 i Granvin sommaren 2019.

SÅRET I FJELLET: Staden der det bratte bergflaket losna og rasa ned mot fylkesveg 7 i Granvin.

Foto: Statens vegvesen

– Flaks

Men det er ikkje berre problemfritt:

– Det har stått folk og jobba der, det viser litt av risikoen. Det var flaks at ingen stod der då raset gjekk. Det har sine utfordringar å setja opp eit fanggjerde òg, seier Hauso.

Han reknar med at utan dette gjerdet ville vegen ha vore stengd i 14 dagar for å sikra bergflaket.

– I tida etter at me oppdaga raset var vêret nemleg så dårleg at me ikkje kunne senda opp klatrarar for å sikra berget.

Ordfører Ingebjørg Winjum

TAKKSAM: – Me skal vera glade for at nokon orkar å gjera sikringsarbeid på så farlege stader, seier ordførar Ingebjørg Winjum (V) i Granvin.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er bra at det nye gjerdet verka, men samstundes kan ein lura litt på om sjølve arbeidet i fjellsida kanskje har gjort at det losna noko, seier Winjum.

Ordføraren er takksam for arbeidarane som vågar å jobba på slike stader.

– Det var nok ikkje berre berre å driva på der ute. Me skal jammen vera glade for at nokon orkar å gjera det. Det er eigentleg ikkje ofte me tenkjer på dei som gjer jobben.