Hopp til innhold

«Nasjonal strikkekveld» får internasjonal pris

Sakte-TV fascinerer langt utanfor Noregs grenser. I kveld tek NRK-programmet «Nasjonal strikkekveld» i mot ein internasjonal pris for mest originale program.

Nasjonal strikkekveld

FÅR INTERNASJONAL PRIS: Programleiar Rebekka Nedregotten Strand og prosjektleiar Lise-May Spissøy blir heidra med pris for mest originale program under konferansen Prix Circom i Kroatia i kveld.

Foto: NRK

Sakte-TV har ikkje berre slått godt an blant norske sjåarar. Konseptet har fascinert langt utanfor Noreg og no har NRK-programmet «Nasjonal strikkekveld» vunne ein internasjonale pris for mest originale program.

Prisutdelinga på konferansen Prix Circom i Cavtat i Kroatia vert sendt direkte i kveld. Programleiar Rebekka Nedregotten Strand er storfornøgd med å vinne for mest originale program.

– Det er veldig stas. Det er no litt fortent òg for det var ganske originalt, ler Strand.

Ho meiner årsaka til at «Nasjonal strikkekveld» har fascinerte folk frå heile verda er at det er så ulikt programma ein vanlegvis ser.

– Programmet har null glamour, lite paljettar og tempoet er sakte. Eg trur det knyter seg opp mot eit behov me har i oss til å skape noko sjølv og å ta seg tid til å gjere eit skikkeleg arbeid, seier Strand.

Sjå utdelinga direkte nedst i artikkelen i kveld!

(Artikkelen held fram under biletet)

Strikkekveld

POPULÆRT SAKTE-TV: Åtte timar 35 minutt og 23 sekund tok det frå det norske strikkelaget starta å klippe ulla frå sauen Guri, via spinning og strikking til genseren var ferdig.

Foto: NRK

Sakte-TV slår an internasjonalt

1,3 millionar TV – sjåarar var innom NRKs nasjonale strikkekveld 1. november i fjor. Programmet starta med å presentere historia til strikking og teknikkane ein brukar.

I kamp mot klokka klipte det norske strikkelaget ein sau, spann garnet, for så å strikke ferdig ein genser. Målet var å tukte den australske verdsrekorden på fire timar 51 minutt og 14 sekund, men rekorden synte seg å vere for tøff å toppe.

Åtte timar 35 minutt og 23 sekund tok det frå det norske strikkelaget starta å klippe ulla frå sauen Guri, via spinning og strikking til genseren var ferdig. Sjølv om verdsrekorden glapp, hold innsatsen til ein Noregsrekord.

Prosjektleiar for «Nasjonal strikkekveld», Lise May Spissøy, meiner noko av årsaka til den internasjonale suksessen er at ein kan vere sosial medan ein ser programmet.

– Me har erfart at sakte – TV er det programmet du fint kan ha på i timevis. Du kan gå til og frå og du kan delta på sosiale medium medan du ser på. Dermed kan du både vera sosial heime i stova medan eit TV – program går, og du er sosial på nettet saman med dei andre som deler interessa.

Klar for nytt sakte – TV program

Prosjektleiar Lise May Spissøy tek i mot prisen under den direktesende utdelinga i kveld. Ho lovar ei prisutdeling der kva som helst kan komme til å skje.

– Det mest spanande er: noko kan koma til å henda. Og det gjer det. Store og små ting, men me veit aldri, for det er direkte og det er real time, seier Spissøy.

NRK har hatt suksess med fleire «minutt for minutt»-prosjekt. Blant anna Bergensbanen minutt for minutt, Hurtigruten minutt for minutt og Nordlandsbanen minutt for minutt.

I november lanserer NRK eit nytt sakte-TV program der den nye salmeboka skal syngast frå perm til perm. Her skal alle dei 899 salmane framførast på 60 timar.

Lise-May Spissøy er også meir enn klar for ein ny runde sakte – TV på NRK. Neste program i rekka for ho er ein nasjonal sykveld.

SJÅ OGSÅ: NRK TV - 200 år på 200 minutter

Frå klokka 20.15 kan du følgje utdelinga av prisen direkte her: