Hopp til innhold

NAF: – Kollektivtilbodet i dei største byane står til stryk

Kvar femte innbyggjar i Noregs største byar har ikkje eit reelt alternativ til bil, syner ny undersøking. NAF meiner byane bør tenke seg om før dei lovar å redusere biltrafikken.

Buss og bybane i Bergen

LANG REISETID: I storbyane Oslo, Bergen (bildet), Trondheim, Stavanger, Tromsø og Kristiansand tar 45 prosent av reisene til sentrum mellom 2-2,5 gonger så lang tid i opplevd reisetid med kollektivtransport som med bil.

Foto: Atle Markeng / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Studien er utført av Transportøkonomisk institutt (TØI) på oppdrag for NAF. Analysen dekker områda rundt dei 13 største byane i Noreg med til saman 3,1 millionar innbyggjarar.

Ifølgje NAF er det den største kartlegginga som er gjort av reisetid med kollektivtransport samanlikna med bil.

Rapporten syner at 46 prosent av innbyggjarane i dei 13 største byane i Noreg har eit for dårleg kollektivtilbod.

Av dei store byane får berre Oslo godkjentstempel i rapporten.

Klarer ikkje konkurrere med bil

TØI har samanlikna «opplevd reisetid» med kollektivtransport og bil til sentrum for innbyggjarane i byane. Opplevd reisetid inkluderer ikkje berre sjølve bil- eller kollektivreisa, men også byte mellom ulike bussar eller tog, venting, gangtid og kø.

I storbyane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Kristiansand tar 45 prosent av reisene til sentrum mellom 2-2,5 gonger så lang tid i opplevd reisetid med kollektivtransport som med bil.

I områda som kjem dårlegast ut, er kollektivtransport i praksis ikkje eit alternativ til bil.

– Rapporten slår fast at kollektivtilbodet i dei 13 største byane i hovudsak står til stryk, seier kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Ingunn Handagard.

Den konkluderer mellom anna med at:

  • Kvar femte innbyggjar ikkje har eit reelt alternativ til bil når dei skal til sentrum.
  • Held ein Oslo utanfor, har kvar tredje innbyggjar i og utanfor dei andre tolv byane ikkje eit reelt alternativ til bil.
  • Oslo og Trondheim er dei einaste byane med eit «svært godt» kollektivtilbod til 64 prosent (Oslo) og 49 prosent (Trondheim) av innbyggjarane.
Lan Marie Berg med busser på Rådhusplassen

GODKJENT: Oslo og MDGs Lan Marie Berg har det beste kollektivtilbodet, ifølgje rapporten.

Foto: Olav Juven / NRK

For dårleg tilbod i Bergen

Blant storbyane kjem Bergen og Stavanger dårlegast ut.

Her har rundt halvparten av innbyggjarane ikkje eit godt nok kollektivtilbod, ifølgje rapporten. Kvar fjerde innbyggjar har ikkje eit reelt alternativ til bil når dei skal til sentrum.

– Kollektivtilbodet bør styrkast, og det er noko både eg og resten av byrådet er opptekne av, seier Thor Haakon Bakke, byråd for klima, miljø og byutvikling (MDG) i Bergen.

Han understrekar at kollektivtilbodet i Bergen har blitt mykje betre dei siste ti åra, blant anna på grunn av bygginga av Bybanen. Men han vedgår at det enno er ein god veg å gå.

– Situasjonen heng blant anna saman med at byen er ganske spredtbygd, og at kollektivtilbodet er eit avgrensa gode som blir prioritert høgast der det bur flest.

Thor Haakon Bakke

SEIER IKKJE NEI TIL BYVEKSTAVTALE: – Til vi får pengar på andre måtar enn i dag, seier Bergen ja til byvekstavtale, seier Thor Haakon Bakke, byråd for klima, miljø og byutvikling (MDG) i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Varsku til politikarane

NAF meiner undersøkinga bør uroe politikarar i byar som vurderer å inngå byvekstavtaler med staten.

– Byvekstavtalene gir god utteljing i form av statlege bidrag, men krev også at dei bind seg til nullvekst i biltrafikken. Rapporten viser at dei fleste stader blir folk ståande utan et reelt alternativ til bil, Ingunn Handagard i NAF.

Målet med byvekstavtalene er at all vekst i persontrafikken skal skje ved kollektivtransport, sykkel og gonge. Tilbake får byane pengar frå staten.

– Fleire av dei mindre byane som Ålesund, Bodø, Haugesund og Arendal ønskjer å forhandle fram byvekstavtaler. På bakgrunn av denne rapporten åtvarar vi dei mot blindt å følgje etter storbyane, seier Handagard.

– Dei mellomstore byane må med

Ordførar i Ålesund, Eva Mariann Vinje Aurdal (Ap), jobbar saman med fire andre byregionar for å få til ei felles byvekstavtale for mellomstore byar.

– Ålesund bestilte ein rapport frå COWI førre periode og fekk ei klar tilråding om å satsa på ein prioritert buss. Men eit slikt tilbod vil kosta 100 millionar kronar i året.

Det har verken kommunen eller fylkeskommunen midlar til. Derfor ønskjer dei ei byvekstavtale, sjølv etter det som kjem fram i NAF-rapporten.

– Klokka tikkar, og det er mykje som står på spel. Å ta med dei mellomstore byane vil bety mykje for å få ned utsleppa. No må staten ta det ansvaret dei har, seier Aurdal.

Eva Mariann Vinje Aurdal (Ap) ordfører Ålesund

VIL HA BYVEKSTAVTALE: Ordførar i Ålesund, Eva Mariann Vinje Aurdal (Ap), jobbar saman med fire andre byregionar for å få til ei felles byvekstavtale for dei mellomstore byane.

Foto: Ålesund kommune

– Må skje samtidig

I bergensområdet er kommunen, fylket og omegnskommunane i innspurten i forhandlingane om ny byvekstavtale med staten.

NAF meiner det er behov for å tenke nytt om korleis ein finansierer bytransport.

– Nå er modellen at bompengeinnkrevjinga startar lenge før prosjekta som skal gi folk alternativ til bilen er på plass. Dette er bakteppet for bompengeopprøret vi har sett, meiner Handagard.

Bakke er samd i at det er eit paradoks at biltrafikken og bompengar er ei viktig finansieringskjelde for kollektivsatsinga. Han meiner finansiering av kollektivtilbodet heller burde skje gjennom auka tilskot frå staten.

– Men til vi får pengar på andre måtar enn i dag, seier Bergen ja til byvekstavtale. Vi seier ikkje nei til gratis pengar vi kan bruke til å bygge ut kollektiv, sykkel og gangveg.