Næringslivet i Hordaland

  • Fryktar batterimangel

    Vestland fylke vil løfta batteriproduksjon for ferjer og bilar. Bakgrunnen er at EU-kommisjonen fryktar at det kan bli mangel på batteri grunna auka etterspurnad. Politikarar og næringsliv samla seg i Bergen i dag for å drøfta den nasjonale satsinga.

  • Netflix-storsatsing i Hordaland

    Stjerner frå «Skam» og «Heimebane» skal spela i Netflix sin første internasjonale TV-serie på norsk. «Ragnarok» blir spelt inn i Odda, og er eit oppvekstdrama bygd rundt norrøn mytologi.

  • Wärtsilä får ny designkontrakt

    Wärtsilä skal designa og utstyra toppmoderne transportfartøy til Aker BioMarine, skriv Sunnhordland. Skipet skal byggast i Kina, og operera i Antarktis. I utrustinga av fartøyet vil dei sikra høg effektivitet og miljømessig berekraftig drift.

  • Deler ut 1,1 mrd til innovasjon

    Norske bedrifter får over 1,1 millardar kroner til å utvikla ny kunnskap og nye produkt. Tildelinga er eit spleiselag mellom fleire departement. Forskingsrådet skal inngå avtalar med 145 bedrifter, tolv frå Hordaland:

    ► Stord Teknologi Invest AS
    ► Grieg Star AS
    ► Bergen Technology Center AS
    ► Marine Harvest Norway AS
    ► Opilio AS
    ► Biomega Group AS
    ► The Switch Marine Drives Norway
    ► Ren AS
    ► Veritrack AS
    ► Bergen Robotics AS
    ► Bergenbio AS
    ► Think Outside AS

  • Legger ned Adams Matkasse i Bergen

    Ifølge Dagens Næringsliv legger Brandhub, selskapet bak Adams Matkasse og Godtlevert.no, ned bergenskontoret til Adams Matkasse. Fra nå av skal all virksomhet samles i Oslo. Knallhard konkurranse og kostnadseffektivt drift blir pekt på som bakgrunnen for nedleggelsen.

    Adams matkasse
    Foto: Ørjan Andreassen