Hopp til innhold

Terje blir nekta å selja sider: – Som å forby servering av utepils

TORGET, BERGEN (NRK): Eplesidermakaren frå Hardanger føler seg diskriminert av Bergen kommune. Men no går det mot oppmjuking av skjenkereglane.

Terje Johnsbråten

IKKJE EINIG: Terje Johnsbråten får ikkje selje sideren sin på Bondens Marked i Bergen. Det meiner han er i strid med lova.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

I teltet til Hardanger Cideri AS står det tett med flasker og kartongar. Men alt av innhald er berre saft og eplemost. Terje Johnsbråten får nemleg ikkje selja sideren sin på Bondens Marked på Torget i Bergen.

Tidlegare i år gav byrådet avslag på søknaden. Det meiner Johnsbråten er i strid med lova.

– Alkohollova har same ordlyd når det gjeld løyve til å selja alkohol, anten det er ein skjenkestad eller eit butikkutval. I begge tilfelle seier lova at det skal skje frå eit bestemt lokale. Det har dei tolka til å vera inne i eit bygg, seier Johnsbråten.

Mange kommunar har gitt løyve

Han meiner at når Bergen kommune gir skjenkeløyve for uteserveringar, konsertar og festivalar, må det same gjelda for bodsal av alkoholhaldig sider eller øl kundane kan ta med heim.

– Logikken i avslaget inneber at all utepils-servering måtte fått avslag. Viss det hadde skjedd, trur eg mange ville ha reagert.

Terje Johnsbråten

VIL SELJA SIDER: Terje Johnsbråten i Hardanger Cideri AS ønskjer å selja sideren på Bondens Marked i Bergen. Her frå lageret sitt på Aga.

Foto: Tale Hauso / NRK

Andre kommunar handterer det annleis. Johnsbråten ramsar opp Siderfestivalen i Øystese, Morellfestivalen på Lofthus og Kjerringtorget i Nesbyen – ei rekkje stader der kommunar i fleire år har gitt løyve til sal av uopna sider på tilsvarande marknader.

Terje Gjertsen ved Skjenkekontoret i Bergen seier at reglane kan variera frå kommune til kommune.

– Lova er lik overalt, men kvar kommune lagar sine retningslinjer for tildeling av løyve. Eg er ikkje kjend med at Bergen er spesielt restriktiv på det, seier Gjertsen.

– Kunne tent dobbelt så mykje

Opp mot halvparten av omsetjinga til Hardanger Cideri på andre festivalar pleier å vera sal av alkoholhaldig sider i lukka flaskar og kartongar.

– Utan avslaget i Bergen kunne vi kanskje tent dobbelt så mykje på Bondens Marked. Eg kjem nok til å klaga, og eg kjem også til å be Helsedirektoratet avklara korleis ein skal forstå lova, seier Johnsbråten.

Beate Husa

VIL REVURDERA: Byråd Beate Husa (KrF).

Foto: Kristelig Folkeparti

Vil revurdera avslaget

Helsebyråd Beate Husa (KrF) sit med ansvaret for skjenkepolitikk i Bergen kommune. Ho seier dei vil revurdera saka viss Johnsbråten klagar.

– Viss Hardanger Cideri sender ei klage på avslaget, vil vi sjølvsagt sjå på lovverket på nytt, og gjera ei ny vurdering.

Dessutan kan Bergen kommune sine retningslinjer no bli endra.

Sjølv om Valhammer-byrådet i den nye plattforma går inn for å stoppa skjenking hjå strippeklubben «After Dark», skriv dei òg at dei «vil åpne for å gi skjenkebevilling til andre typer konsept enn det som er spesifisert i gjeldende skjenkereglement».

Byrådet trekk fram at dette mellom anna kan gjelda kinosalar. Husa vil førebels ikkje forskottera om dette også vil innebera oppmjuka retningslinjer for sidersal.