Denne veka har reporter Lise May Spissøy tatt for seg naboskap i ein serie reportasjar.
Mange spørsmål
Kva skal til for at eit godt naboskap skal verte til? Er eit gjerde mellom deg og naboen av det gode eller ein dårleg idé? Kva sider av naboskapet irriterar oss, og kva gleder oss?
Dette er nokre av spørsmåla Lise May Spissøy har forsøkt å finne svara på.
Gode historiar
Ei av dei ho har spurt er arkitekt Susanne Urban. Urban meiner ein aldri ser så godt naboskap som på ein campingplass.
Sjølv har ho valt å jobbe i tett naboskap med andre arkitektar. Og som arkitekt har ho mange gode historier om naboskap.
Godt naboskap viktig
Jo lengre ungdommar held seg i nabolaget, jo mindre kriminalitet kjem dei borti, meiner politiet.
Naboskap kan vera livsviktig i krise. Det kan vera nyttig når du reiser vekk, og til god hjelp for å gje ungane ein god oppvekst.
Lise May Spissøy vitja nabolaget Kringlebotn i Bergen. Der gjer dei alt dei kan for å halda på born, unge og vaksne naboar. Dugnad er eit viktig verkty i so måte.