Normal

Skulda KrF for å vera uklare på kristne verdiar

Moskear, alkohol, porno og Nord-Korea var tema då Knut Arild Hareide frå KrF og Gjermund Hagesæter frå Frp duellerte om kven som har best appell hjå kristenfolket.

Knut Arild Hareide frå Kristeleg folkeparti møter Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet i duell om kristne verdiar.

DUELL: Førstekandidatane til Kristeleg folkeparti og Framstegspartiet i Hordaland møttest til til duell om kristne verdiar på Det akademiske kvarter i Bergen.

– Eg synst dei har vore uklare, medan me i Framstegspartiet har stått fjellstøtt på at dei kristne verdiane er ein del av den norske kulturen.

Gjermund Hagesæter, Frp

KRITISERER KRF: Gjermund Hagesæter meiner KrF har vore uklare på det kristne verdigrunnlaget.

Foto: NRK

Slik starta Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet ballet då han utfordra KrF-leiar Knut Arild Hareide på kva av dei to partia som er best på kristne verdiar, under NRK Hordaland, Bergensavisen, Bergens Tidende og Studentersamfunnet i Bergen sin store valdebatt onsdag.

Begge dei to partia frir til kristenkonservative veljarar, som det framleis er ein del av på Vestlandet. Ved Stortingsvalet i 2009 vaks delen religiøse veljarar i begge partia, viser Statistisk sentralbyrå si veljarundersøking.

LES ÒG: Siv Jensen om kamp om kristne verdiar

– Tydelege

– Me har og vore tydelege på at dei som kjem til Noreg må tilpassa seg Noreg og ikkje omvendt. Kristeleg folkeparti har vore meir på at me skal tilpassa oss dei andre, ved til dømes å byggja moskear, sa toppkandidaten til Framstegspartiet i Hordaland.

Hareide meiner det er ein naturleg del av den kristne kulturarven å respektera andre religionar, og å gje dei sjansen til religionsutøving.

Knut Arild Hareide, Krf

VIL NÅ KRISTNE VELJARAR: KrF-leiar Knut Arild Hareide.

– Som kristen er det viktig for meg at me har trusfridom, og den må sjølvsagt gjelda andre. Eg har mi tru på Jesus, men det er òg viktig for meg at andre skal få ha si tru, sa Hareide før han vende seg mot motdebattanten:

– Kvifor i all verda ville ikkje de i Framstegspartiet vera med på å auka delen med kristendom i RLE-faget i skulen?

– Det høyrer ikkje til min komité, så det kan eg ikkje heilt svara på, måtte Hagesæter vedgå.

– Men mitt poeng er at me heile tida har stått fast på at me har stått fast på at dei kristne verdiane er ein del av den norske kulturen, sa Hagesæter.

LES ÒG: Fleire unge kristne drikk

Val mellom gode og dårlege val

Han svarte òg på korleis lengre skjenketider og lågare avgifter på alkohol heng saman med den kristne profilen.

– No er det no ein gong slik at me er fødde med fri vilje. Det gjer at ein kan velja mellom gode og dårlege val. Eg trur ikkje på eit samfunn der ein forbyr alt ein ikkje likar. Nord-Korea gjer jo det, der er det meste forbode.

Samanliknar du KrF med Nord-Korea, spurde debattleiar Oddgeir Øystese frå NRK?

– Nei det gjer eg ikkje. Der er jo ikkje religion lov i det heile.

Alkohol, fattigdom og pornopolitikk

Hareide meiner omsynet til svake grupper er forklaring på at KrF ønskjer ein restriktiv alkoholpolitikk.

– Me treng ein politikk for dei som treng det mest, då er alkoholpolitikken viktig, då er kampen mot fattigdom både i Noreg og internasjonalt viktig. Eg tenkjer og på pornopolitikken der Frp ønskjer ei kraftig liberalisering, sa KrF-leiaren.

– Eg trur at mange verdikonservative kristne vestlandsveljarar ville tenkt seg om dersom dei hadde forstått kva Frp sitt program går ut på, avslutta Hareide.

Om ein ser på målingane ser det ut til at det ikkje først og fremst er til Frp Hareide mister veljarar. Faktisk er KrF det av partia som ser ut til å halda på flest av veljarane frå 2009.

Heller ikkje i 2009 var det Framstegspartiet som stakk av med flest tidlegare KrF-veljarar. Men partiet hadde ein viss lekkasje til Frp, viser valundersøkinga til Statistisk sentralbyrå.

SJÅ HEILE VESTLANDSDEBATTEN:

Se hele debatten fra Kvarteret i reprise her.

VESTLANDSDEBATT: Dei fire partileiarane frå Vestlandet og alle toppkandidatane frå Hordaland møttest onsdag til ein real vestlandsdebatt på Det akademiske kvarter i Bergen.