Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vil prøva å løysa konflikten mellom skituristar og Forsvaret i samband med at militær aktivitet blir lagt til vinterferien.
- Held ikkje ord
Bergen Turlag meiner Forsvaret ikkje held ord når dei i år som i fjor skal skyta i det beste skiområdet på Mjølfjell i vinterferien.
Einar Grieg i Bergen Turlag meiner dette er unaudsynt provoserande.
- Forsvaret har tidlegare sagt at dei skal ta hensyn til hytte- og skifolkets bruk av dette området. Det er provoserande at dei no ikkje held ord, meiner Grieg.
Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. (Foto: Jarl Fr. Erichsen/SCANPIX)
300 soldatar
300 soladatar frå Nederland skal ha militærøving i det populære turområdet nett når hudrevis av menneske skal ha vinterferie.
Dette har sett sinna i kok, både blant hyttefolk og turfolk - nett som i fjor.
No vil altså forsvarsministeren gripa inn.
- I og med at dette er eit stadig tilbakevendande problem, vil me no ta det opp og sjå om det er noko me kan gjera, fortel Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Vil ikkje ha skyting i ferien
Forsvaret sende desse opplysningane til alle hustandar og alle hytteeigarar i april 2003 då Forsvaret ville utvida aktiviteten på Mjølfjell:
«Som ved tidlegare aktivitet ynskjer Forsvaret å gjera kva dei kan for å leggja tilrette for sivilt bruk av Mjølfjell-området. I periodar vil det vera lite eller inga militær verksemd, slik som i vinterferien, påske, (...)»
- Her må me prøva å finna ordningar som gjer at når Forsvaret har behov for å bruka dette området, må dei gjera det på tidspunkt når det er mindre aktivitet. Det er mitt utgangspunkt, fortel forsvarsministeren.
- Det viktige er at dei sparer vinterferien, meiner Einar Grieg.