Hopp til innhold

Meiner Noregs største menneskehandelsak berre er tull

Seks rumenarar er tiltalte for grov menneskehandel, overgrep og tvangsekteskap. – Dette er berre tull, seier dei tiltalte i retten.

Silver Raducanu

TILTALT: Silver Raducanu er ein av dei seks som sit tiltalt for grov menneskehandel. - Tiltalen er eit angrep på romfolket sin kultur, sa han i retten i dag.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Ifølgje tiltalen skal dei seks ha utnytta fire born mellom 13 og 17 år til å tigge, stele og å selje falske gullvarer i Noreg og Sverige.

Er i familie

Alle dei tiltalte og fornærma høyrer til same storfamilie. Retten fekk utdelt ei oversikt over slektskapa med bilete og forklaring av kva relasjonar partane har til kvarandre.

– Dette er berre tull. Han har ikkje gjort meg noko gale, seier ein av dei fornærma.

Ifølgje politiet skal ein av dei tiltalte ha forgripe seg på ho då ho var under 16 år, og tvinga ho til å tigge og å stjele. Dei to er gifte og har barn saman.

– Ikkje skuldig

Tre kvinner og tre menn er tiltalte, og nokre av dei for ei rekkje brotsverk. Mellom anna seksuelle overgrep, tvangsekteskap og seksuell omgang med mindreårige.

Ein person til er sikta i saka, men har reist heim til Romania, og landet utleverer ikkje eigne landsmenn.

Ei av dei tiltalte kvinnene er tiltalt for å ha medverka til voldtekt av si eiga dotter, samt å ha gifta ho vekk for pengar tre gonger mellom 2008 og 2009.

– Anar ikkje kvifor dei er her

– Det som har gått igjen i mange fengslingsmøte, er at dei tiltalte ikkje anar kvifor dei er pågripne, seier forsvarar for ein av dei tiltalte kvinnene, Roland Kjeldahl.

Han meiner at tiltalepunkta går på ting som er vanleg i romfolket sin kultur, men som i Noreg vert brotsverk.

– Ein må vere forsiktig med å dømme andre kulturelle levesett, desse folka har levd som sigøynarar gjer. Når denne saka ein gong tek slutt, skal det ikkje forundre meg om dei er freidige nok til å fortsette å leve som sigøynerar, seier Kjeldahl.

Han trur ikkje lovbrota har vorte gjort med overlegg.

– Kan det tenkast at dei tiltalte og familiane ikkje visste kva som er lovleg i Noreg, når dei lever slik dei har gjort i fleire hundre år? Alle dei tiltalte har gifta seg i like ung alder. Brotsverket her er at ein har medverka til ekteskap etter romfolket sin tradisjon, det er jo forferdeleg. Eller er det det, spør forsvararen.

Bobi Calin og ein av dei fornærma

GIFT OG PARTAR I SAKA: Bobi Calin (til venstre) er ein av dei tiltalte i saka. Den 17 år gamle kona hans (til høgre), er ein av dei som skal vere fornærma i saka.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Ei av dei fornærma er i retten. Den 17 år gamle jenta er gift med ein av dei tiltalte. Han kan verte dømt for grov menneskehandel av jenta, samt å ha hatt seksuell omgang med ho medan ho var under 16 år.

Ifølgje aktor er ekteskapa inngått etter romfolket sin tradisjon, og ikkje formelt etter rumensk rett.

Alle dei seks seier seg ikkje skuldige i tiltalen om menneskehandel, overgrep og heleri.

– Store ressursar

– Dette er ei omfattande sak som me har lagt store ressursar i å etterforske. Det er krevande for politiet å etterforske saker som strekker seg ut over landegrensene, men me har prioritert saka, og brukt mykje tid på ho, seier aktor, Arild Oma.

– Nokre av forsvararane har sagt at dei meiner saka er eit angrep på romfolket sin kultur. Kva tenkjer du om det?

– Etter mi oppfatning er ikkje dette eit angrep på kulturen. Om dei tiltalte vert funne skuldige, er det straffbare forhold i alle høve, seier Oma.

– Tradisjon

Dei innrømmer å ha selt ringar i Noreg, men seier dei ikkje visste det var ulovleg.

– For oss er det tradisjon, ikkje noko kriminelt, seier den eldste av dei mannlege tiltalte.

Alle dei seks er tiltalte for brot på utlendingslova fordi dei har selt smykke i Noreg, utan arbeidsløyve.

Lang tiltale

Dei er tiltalte for å ha sørga for transport, falsk identifikasjon, overnatting og skjørt med skjulte lommer på til borna. Det vert sett på som tvang, sidan borna var avhengige av dei tiltalte på grunn av at dei ikkje hadde eigne pengar. At borna var så unge, manglar skulegang, er analfabetar og ikkje kan norsk, gjer brotsverket meir alvorleg, ifølgje tiltalen.

– Eg er sett i fengsel for ingenting, dette er eit overgrep mot vår kultur. Alt vi har gjort er å prøve å tene litt pengar, seier den eine tiltalte, Silver Raducanu.

Ein av dei tiltalte kvinnene skal ha medverka til at ein av borna vart voldtatt. Ein av mennene er tiltalt for seksuell omgang med born under 14 år.

136 vitne

Alle dei seks på tiltalebenken får saka oversett til rumensk, og sit med hovudtelefonar på. Saka går i den største rettssalen i tinghuset, og det har møtt opp mykje pressefolk.

Det er fyrste gong ein så omfattande menneskehandelsak er oppe i norsk rett. Det er òg fyrste gong at romfolk er tiltalte for menneskehandel i Noreg.

Saka skal gå over 55 dagar, og det er totalt 136 innkalla vitne. På fyrste rettsdag tok det halvannan time å komme gjennom dei ordinære formalitetane.

Dei seks har sidan oktober 2010 sitte varetektsfengsla. Dei fire fornærma har i same periode vore tekne hand om av barnevernet i Noreg og Sverige. Ei av dei reiste tilbake til Romania då ho vart myndig.

Saka vart rulla opp i Bergen då nokre av dei fornærma vart tekne hånd om av politiet etter butikktjuveri og å ha selt falske gullsmykke på gata. Då nokre av dei tiltalte kom for å melde borna sakna, vart dei pågripne og sikta for menneskehandel.