Det er staten som deler ut 500 000 kroner til valdtektsmottaket.
Målet med pengestøtta er at Bergen skal kunne gje eit godt tilbod til personar som vert utsett for seksuelle overgrep også i andre kommunar.
Stort behov
- Me har absolutt bruk for desse pengane, seier overlege Torbjørn Hiis Bergh ved Legevakten i Bergen.
- Me har fleire manglar som me endeleg kan gjere noko med, seier Hiis Berg.
No skal valdtektsmottaket bruka pengane til blant anna å forbetre undersøkelsesutstyret.
Nødvendig
Det er Sosial- og helsedirektoratet som ser det som mest føremålstenleg at Bergen Legevakt blir bygd ut og styrka for å kunna gje tilbod til resten av kommunane i Hordaland.
På landsbasis er det løyvd 10 millionar kroner til styrking av helsetenester til valdtektsutsette.
Målet er at det blir etablert valdtektsmottak i alle fylke.