Hopp til innhold

Meiner regjeringa innrømmer feil

– Ein går ikkje av om ein har gjort ein vellukka jobb, seier Frank Aarebrot. Hardanger-ordførar vil ha ny handsaming.

Terje Riis Johansen og Frank Aarebrot

Det er ein omstridd statsråd som i dag går av. – Det er overraskande at han vel å gjere det akkurat no, meiner Frank Aarebrot.

I dag vart det kjend at olje- og energiminister Terje Riis Johansen går av. Statsrådet har vore i hardt vêr etter fleire upopulære avgjersler i sakene om Co2-rensing på Mongstad og kraftliner i Hardanger.

LES ÒG: Riis-Johansen går av som statsråd

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, seier det er forventa at Riis Johansen går av, men at han er overraska over tidspunktet.

– Det er jo forventa, sjølv om eg kanskje hadde venta at han kom til å gå av før slik at ein annan statsråd på ein måte stadfesta regjeringa sin politikk når det gjaldt mastene, seier han.

Aarebrot trur grunnen til at statsråden går av er at han slik får sett sluttstrek i to kontroversielle saker, nemleg utsetjinga av Mongstad og mastesaka i Hardanger. Dermed kan ein ny minister starte med blanke ark og fargestifter til, og då slepp den nye ministeren å ta dei vanskelege avgjerdene.

– Men no når han går av, ligg det jo ei slags innrømming frå regjeringa si side. Ein går jo ikkje av fordi det ein har gjort har vore vellykka, for å sei det slik, seier professoren.

LES ÒG: – Han var en politisk geléklump | Regjeringen tar «vårrengjøringen» mens Norge ser på Ski-VM

– Kritikken var velfortent

Mona Hellesnes

Mona Hellesnes meiner kraflinemotstandarane sin kritikk var velfortent.

Foto: Kjetil Rydland/NRK

Det er Mona Hellesnes (V), ordførar i Ulvik og ein av Riis Johansen sine mest markante kritikarar i Hardangersaka, einig i.

– Eg trur mange vil ta dette som ei melding på at vår kritikk i forhold til sakshandsaming og handtering av prosessen, har vore velfortent, seier ho.

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, sa i dag at han meinte dette var noko Riis Johansen ville sjølv. Aarebrot trur òg det kan stemme at han kan ha ønska å gå av i løpet av perioden.

– Men det å gå av så dramatisk i den samme veka som ein har sett sluttstrek for ein prosess som dei fleste har meint var uryddig, det er jo ikkje den mest ærefulle måten å gå av på. Men det er fullt mogleg at han har planlagt å bli lokalpolitikar i Telemark ganske lenge.

Hellesnes er meir tvilande til grunngjevinga.

– Eg trur at sakene om Hardanger og Mongstad har blitt ei så stor belasting for regjeringa at det var naudsynt å gjere noko, seier ho.

LES ÒG: Hallgeir Langeland: – Jeg tror vi kommer til å se flere kabler

Vil ha ny handsaming

Jan Ivar Rødland

Jan Ivar Rødland meiner Riis Johansen røymer frå ansvaret.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland (Ap), meiner Riis Johansen no røymer frå ansvaret sitt.

– Eg tykkjer det er synd at ein statsråd tek så upopulære avgjersler, og så overlet ansvaret til andre. Ein ny statsråd burde sett på saka på nytt, seier han.

– Trur du det vil bli ei ny vurdering?

– Skal eg svare heilt ærleg, må eg seie nei.

Mona Hellesnes vil ikkje spekulere i kva statsrådsbyte vil ha å seie for regjeringa sin politikk.

– Borten Moe er ein dyktig politikar. Men korleis han vil gjere det som olje- og energiminister gjenstår å sjå, seier ho,

Rødland er klar på kva ettermæle Riis Johansen vil stå att med.

– Ein vert jo alltid hugsa for si siste sak, og eg trur Riis Johansen vil bli hugsa for mastene i Hardanger.

Terje Riis Johansen har til no ikkje ønskja å kommentere sin avgang.