Tysdag klokka 20.19 fekk politiet melding om at ein seglbåt var observert delvis ståande på land ved øya Løno vest for Sotra i Hordaland.
Båten, ein 30 fots seglbåt, slo mot fjæresteinane då redningsmannskapa kom fram, opplyser politiet i ei pressemelding.
– Redningsstyrkane som kom til staden fann ein person om bord. Mannen var diverre livlaus, fortel lensmann i Sotra, Askøy og Øygarden Torgils Lutro.
Kjenner ikkje dødsårsaka
Den døde er i byrjinga av 60-åra. Mannen høyrer heime i Rogaland, og dei pårørande er varsla, opplyser politiet.
– Det er enno ikkje klart kva som har skjedd. Me veit at vedkomande var åleine i båten og på veg nordover. Dødsårsaka kjenner me ikkje, opplyser Lutro.
Mannen er transportert til Gades institutt for obduksjon. Politiet arbeider no med å få klarlagt hendingsgangen og årsaka til dødsfallet. Politiet mistenker ikkje at noko kriminelt har skjedd.
Lutro opplyser at politiet har ein teori om kvar mannen var på veg.
– Det har me ei meining om, men det går me ikkje ut med per no. Første prioritet er no å få svar på kvifor vedkomande døde.
Vil heva båtvraket
Det blei tysdag kveld søkt i sjø- og landområde etter andre personar, men søket blei avslutta same kvelden.
Helikopter, politi og redningsskøyte deltok i redningsaksjonen. Også mannskap frå brannvesenet og Røde Kors deltok.
Båten gjekk seinare ned slik at berre masta er synleg.
– Båten skal hevast for å eventuelt få kartlagd akkurat kva som skjedde om bord, seier lensmannen.