Hopp til innhold

Ber folk leite etter Aidas (40) i uthus og hagar

Politi og frivillige mannskap leitar framleis etter ein sakna mann på Evanger. – Han kan ha gått seg vill.

sakna mann litauen

Ein 40 år gamal mann frå Litauen er meldt sakna på Brekkhus på Evanger i Voss kommune. Mannen, som heiter Aidas Kackuikas, vart sist sett utanfor bustaden sin på Brekkhus klokka 06.00 tysdag morgon.

Politiet har gått ut med namn og bilete på sakna, i samråd med kona til mannen.

Aidas Kackuikas kan ha på seg grå t-skjorte og grå joggebukse, opplyser politiet.

No ber dei folk om å sjekke hagar, uthus og garasjar:

Laster Twitter-innhold

Ikkje kjent i området

Aidas Kackiukas

Aidas Kackiukas (40) er sakna.

Foto: Privat

Det er arbeidskollegaer som har meldt mannen sakna, får NRK opplyst av operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.

– Han snakkar verken norsk eller engelsk, og er heller ikkje særleg kjent i området, seier Kronen.

Mannen skal ikkje ha med seg mobiltelefonen, så dei som har prøvd å ringa vedkommande har ikkje fått svar. Ifølge politiet er han også tynnkledd og har dårlege sko.

Hundepatruljar

I første omgang gjekk politiet frå hus til hus i leiteaksjonen, då det står ein del tomme bygningar i bygda.

– Vi konsentrerer søket i nærområdet. Vi vil også kontakte dei fastbuande, slik at dei sjekkar sine hus og uthus. Det er politipatruljar og hundepatruljar som leitar i området no, sa Kronen onsdag ettermiddag.

I tillegg vil leitemannskapa gjera søk langs vegen som går ned mot Evanger sentrum. Politiet har ingen teori om kva som kan ha skjedd, men sidan mannen ikkje er kjent i området fryktar politiet han kan ha gått seg vill.

– Vi blir veldig takknemleg om publikum har tips i denne saka. Om nokon har sett han, ring oss på 02800.

To leiteaksjonar

Natt til torsdag og heile torsdag har mannskap frå Norske Redningshunder og Sivilforsvaret leita etter mannen, utan resultat.

Frå før leitar politiet saman med Røde Kors og Norske Redningshundar etter ein sakna polsk mann i Ulvik. Mannen har vore sakna sidan sundag kveld.