NRK Meny
Normal

- Det er tragisk for Kvam

Innbyggjarane i Kvam meiner det tek for lang tid å rydda Tokagjelet. I går fortalde Vegvesenet at fylkesveg 7 kan vera stengt til november. Kommunelegen seier beredskapen vert svært svekka.

Ras Tokagjelet

STORT RAS: Raset knuste vegen og sperrar Fv 7 mellom Kvamskogen og Norheimsund.

Foto: Torkjell Kjosås

Tokagjelet møte Kvam

MØTE: Det vart kalla inn til møte i formannskapet i Kvam herad måndag ettermiddag.

Foto: Egil Torheim / NRK

– Vi er eit heilt lokalsamfunn her som føler vi ikkje blir tatt omsyn til nok. Eg hadde forventa at dei hadde klart å arbeida raskare. Det er tragisk for Kvam, seier Sigrid Laupsa til NRK.

Hovudvegen mellom Bergen og Hardanger over fylkesveg 7 vart råka av ein enormt ras sundag for ei veke sidan. Ei stor blokk rasa ut ved munninga av Snauhaugtunnelen i Tokagjelet.

På eit opent møte i formannskapet i Kvam herad i går kunne Statens vegvesen fortelja at arbeidet med å rydda, reparere og sikre vegen tek lenger tid enn ein første rekna med. Fv 7 vil halda fram med å vera stengt til november.

Innbyggjarane reagerte

Dei fleste tilhøyrarane var samde i at lang stenging av Fv 7 er ille.

– Eg tykkjer det var veldig lenge, det likte eg ikkje, sa Johnny Knutsen etter møtet.

– Seks til åtte veker er veldig lenge. Hardingar er praktiske og tilpassingsdyktige. Me er van med dårleg veg og vil innretta oss no også, men det er tungt å få ein slik beskjed, seier Anita Hesthammar.

Ordførar Asbjørn Tolo (H) i Kvam gjekk måndag hardt ut mot Vegvesenet, då ingen hadde arbeidd med å rydda raset i Tokagjelet i helga.

– Vi har eit næringsliv som blir lamma av den stengde vegen og pendlarar som får ein lang omveg. Dette er alvorleg.

– Beredskapen er svekka

Jarle Hjartåker

KOMMUNELEGE: Jarle Hjartåker.

Foto: Egil Torheim / NRK

Ein liten flokk var samla utanfor lokalet etter møtet for å diskutera det som fram. Kommunelege Jarle Hjartåker meiner beredskapen i Kvam no er svekka.

– Me ser jo at me har mange regndagar og tungt skydekke, då får me ikkje helikopter. I dag høyrde på sambandet at ein dårleg pasient ikkje fekk luftambulanse. Då måtte ein køyra om Fusa og då skulle ein prøva å møta ambulansen med helikopteret på vegen. Beredskapen er svært svekka, meiner han.

– Må gjerast på ein trygg måte

Det var mange velmeinte råd og tilbakemeldingar til seksjonssjef Lars Øyre i Statens vegvesen både under og etter møtet. Han forklarar den lange stenginga med vanskeleg sikringsarbeid.

– Ikkje minst arbeidet å sikre med alle boltar som må borast inn. Ein del må gjerast for hand av folk som heng i selar. Dette tek tid, forklarte Øyre.

Han peikar også på tryggleiken til dei som jobbar i fjellsida og på vegen.

– Det må vera trygt for dei som skal arbeida der. Sikringsarbeidet må byrje høgt oppe i fjellet, då kan vi ikkje ha folk arbeidande lenger nede i området medan dette går føre seg.

Meiner løysinga er tunnel

Innbyggjarane i Kvam meiner ein tunnel under Kvamskogen er løysinga. Vegvesenet avslørte førre veke at den løysinga ikkje er aktuell som ny trasé for E16 mellom Bergen og Voss.

– Eg meiner det er den beste løysinga for heile regionen. Det er ein region som har dårleg med arbeidsplassar og dårleg veg. Ein ny tunnel kan vera det løftet vi treng. Då blir det ikkje verre å køyra til Norheimsund og Øystese enn det er å køyre til Sotra.

Ras Tokagjelet

SPERRAR VEGEN: Statens vegvesen seier det tek lenger tid å rydda, reparera og sikra Fv 7 etter raset for over ei veke sidan.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2