NRK Meny
Normal

Pasientar må vente over eit år for time hos augelege

– Det er uhaldbart at folk skal gå rund og plagast med augeproblem, seier pasientombodet.

Rune Skjælaaen

– IKKJE GREITT: Pasientar som ikkje har akutte augesjukdomar, må vente opp til eit år på behandling. Det er for dårleg, seier pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen.

Foto: NRK

Med stor mangel på spesialistar, risikerer du no å måtte vente over eit år for å få time hjå augelege. Legane har sprengde timelister og må prioritere dei pasientane som treng akutt behandling.

Nokre gonger får eg inn pasientar som har venta for lenge.

Truls Diesen, styreformann på Bergen Øyelegesenter

På bordet til pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen ligg det fleire saker der pasientar blir vist til andre byar enn Bergen for å operere auga.

– Eg tykkjer det er uhaldbart at folk skal gå rund og plagast med augeproblem.

– Når ventetida er så lang som den er for å komme til hos augelege, handlar det om at kapasiteten innanfor dette feltet er for liten, seier Skjælaaen.

LES OGSÅ: - Vi må prioritere hvem som skal få hjelp for øyelidelser

– Får inn pasientar som har venta for lenge

So kalla uprioriterte pasientar, pasientar som fastlegen vurderer kan vente med å få behandling, er dei som gjerne må vente opp mot eit år, seier styreformann på Bergen øyelegesenter, Truls Diesen.

Truls Disen

FLEIRE OPPSØKER AUGELEGE: Styreformann på Bergen øyelegesenter, Truls Diesen trur eldrebølgja er mykje av årsaka til den auka pågangen hos augespesialistar.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Nokre gonger skjer det at eg får inn pasientar som har venta for lenge. Fastlegen skal ha ein mistanke om at det er noko gale for at folk skal få hjelp raskt, men det er ikkje alltid lett, mange sjukdomar er skjulte.

På Bergen øyelegesenter har kvar lege inne ein ny pasient kvart kvarter. Diesen meiner det er eldrebølga som gjer at talet på pasientar med augesjukdom aukar.

– Det er flest eldre som får augesjukdomar. I tillegg gjer den teknologiske utviklinga at augelegar kan behandle fleire sjukdomar enn før.

– Samanlikna med behovet, utdannar me altfor få augelegar, seier Diesen.

LES OGSÅ: Grå stær? Da må du vente lenge! | Må vente seks måneder eller mer på time

– Manglar augelegar

I 2007 konkluderte Norsk øyelegeforening med at talet på yrkesaktive augespesialistar må auke med om lag 50 prosent fram til 2016, for å dekke etterspurnaden etter augelegebehandling.

Øye

TRENG FLEIRE SPESIALISTAR: Behovet for augelegar er stort, seier nestleiar i Norsk øyelegeforening, Vibeke Dons Wankel.

Foto: Colourbox

Dette syner at behovet for spesialistar i heile landet, er stort, seier nestleiar i Norsk øyelegeforening, Vibeke Dons Wankel.

– Ja, me er for få. Spesielt dei siste åra har me sett dette. Ein trenger fleire augespesialistar i heile landet både i avtalepraksis og på sjukehusa.

Etter kvart som talet på eldre menneske aukar, treng også fleire hjelp frå augespesialistar, seier Wankel.

– Avdelingane kring om på sjukehusa druknar i arbeid på grunn av folk som kjem med aldersforandringar i skarpsynet. Mange er blitt meir merksame på dette, og oppsøker lege tidlegare.

Ein må opprette fleire utdanningsstillingar og sørge for at det finst ledige stillingar ved sjukehusa, samt avtaleheimlar til dei nyutdanna, seier Wankel.

– Blir utdanna for få augelegar

På Bergen øyelegesenter behandlar augelege Kristen Realfsen og kollegaene opp mot 40 000 pasientar i året.

I dag er det for få augelegar, det er heilt tydeleg.

Kristian Realfsen, augelege

– Me skulle gjerne ha tatt inn folk i løpet av eit par månadar, men det går jo ikkje. I dag er det for få augelegar, det er heilt tydeleg, seier han.

Fleire må utdannast, meiner augelegane ved Bergen øyelegesenter. I tillegg må det opprettast fleire avtaleheimlar for augespesialistar, meiner dei. Det er billigare for pasientar å oppsøke ein spesialist med avtaleheimel. I staden for å betale heile summen, betalar då pasienten ein eigendel opp til eit fastsett beløpstak.

Men talet på augelegar med avtaleheimel i Bergen har ikkje auka på tretti år, seier Diesen.

I ein epost skriv Helse Vest at spesialistane dei har avtale med utanom sjukehuset er eit viktig supplement, men at det ikkje finst planer om å auke talet på heimlar for augespesialistar i fylket.

Helse Vest poengterer at størstedelen av augelegebehandlinga i Hordaland skjer ved Haukeland universitetssjukehus.

LES OGSÅ: Hadde farlig øyesykdom uten å vite det

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.