Hopp til innhold

Må stenga overnattingstilbod til fattige

Akuttovernattinga for fattige tilreisande utlendingar må stenga i både Bergen og Trondheim. – Fleire kjem til å måtte sove utandørs, seier fungerande leiar Eiel Holten i Kirkens Bymisjon.

Eiel Holten og Sebastian på Kirkens Bymisjon i Bergen

TRUR MANGE MÅ SOVE PÅ GATA: Fungerande leiar Eiel Holten og Sebastian Schwalback i Kirkens Bymisjon må stenge dørene på overnattingstilbodet i Bergen.

Foto: Siri Løken / NRK

Rett inn frå den trafikkerte Kong Oscarsgate i Bergen finn vi rommet. Sengene står tett i tett. Om nettene søv spanjolar, rumenarar og andre tilreisande her. Tilbodet har eksistert sidan 2013.

Men no er det slutt. Kirkens Bymisjon må stengja dørene på akuttovernattinga. Dei søkte om to millionar kroner frå staten, men har berre fått 1,3 millionar.

– Det er nok til å drifte i seks månadar. Då har bymisjonen gjort eit val og behovet er mest prekært i dei kalde månadane, seier fungerande leiar Eiel Holten i Kirkens Bymisjon til NRK.

Trur dei hamnar på gata

Bymisjonen har 25 plassar og Holten fortel at det har vore fullt frå oktober i haust til februar. Dei som nyttar seg av tilbodet er fattige tilreisande som kjem til Noreg for å arbeida.

Holten trur mange kjem til å sova utandørs på offentlege stader i sommar, fram til dei opnar tilbodet att i oktober.

– Mange av dei som kjem har no ikkje eit anna val enn at dei overnattar på jernbana eller at dei finn seg ein plass i ein park. Menneskestraumen kjem ikkje til å stogga.

Får mindre enn dei ber om

Også i Trondheim stengjer Røde Kors sitt overnattingstilbodet i april. Verken dei eller andre som har søkt pengar frå Justis- og beredskapsdepartementet har fått det dei ber om, syner ei oversikt NRK har fått.

Børre Arnøy i Bymisjonen i Oslo opplyser til NRK at han trur dei skal klara å skrapa saman eigne midlar for å halde oppe tilbodet der.

LES OGSÅ: Overnattingstilbud i Oslo kan bli lagt ned

I Bergen har kommunen sendt brev til Justisdepartementet der dei ber om meir pengar.

– Vi ber dei halda fram med tilskotsordninga slik at vi kan tilby dei som kjem hit tak over hovudet, seier sosialbyråd Eiler Macody Lund til NRK.

Reagerer

Oddny Miljeteig er gruppeleiar for SV i Bergen. Ho reagerer kraftig på at overnattingstilbodet til fattige i Trondheim og Bergen vert lagt ned.

– Regjeringa veit godt at dette trengst. Så det er nok ein ønska politikk at det ikkje skal vera eit overnattingstilbod til fattige tilreisande, seier Miljeteig.

– Det betyr at dei må ligga ute og dei kjem til å vera veldig sårbare og utsette.