Hopp til innhold

Opnar akutt overnattingstilbod for fattige

For første gong kan fattige som kjem til Bergen, få seng for natta nesten gratis. Tilbodet er først og fremst laga med tanke på tilreisande frå Sør-Europa og romfolk.

Opnar sovesal for fattige

SOVESAL FOR DEI SOM TRENG EI SENG: Midt i Bergen sentrum er det no plass til 24 personar, fordelt på to sovesalar. I tillegg til sengeplass, kan dei som treng det for til saman 15 kroner få tilgang til dusj og toalett. Her viser Leif Jarle Theis fram ein av dei to sovesalane.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

– Vi startar no, for no byrjar hausten. Det betyr tre kalde månader, og det er no vi trur behovet er størst.

Det seier Leif Jarle Theis, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bergen. Saman med den katolske organisasjonen Caritas og Robin Hood-huset i Bergen, har organisasjonen no klar to sovesalar med til saman 24 senger for dei som treng det mest.

– Hovudmålgruppa er romfolk og arbeidssøkjande frå Sør-Europa. Vi veit om at dette trengst, men reknar ikkje med at det er så mange som vil nytta tilbodet den fyrste natta. Vi får sjå korleis det går.

15 kroner for dusj og dyne

Robin Hood-huset

VEIT IKKJE KOR MANGE SOM BUR PÅ GATA: Marcos Amano er leiar for Robin Hood huset i Bergen. Han seier ingen heilt veit kor mange som bur på gata her i byen, men at erfaringa frå i fjor vinter viser at det finst eit behov for akutt overnatting. Då var det fleire menneske som fekk alvorlege helseproblem etter å ha budd ute i kulda.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

15 kroner skal det kosta å få tak over hovudet for natta. Registrering for kvelden startar klokka 18, men ein får fyrst koma inn på romma klokka 22. Alt 7.30 neste morgon må folk vera ute.

– Vi har vald å ha stram organisering på dette, det må vi, fordi vi ønskjer ikkje at det skal vera tvil om kva slags tilbod dette er – nemleg ein trygg, varm stad å sova og få vaska og stelt seg, seier Theis.

Flest spanjolar og romfolk

Ein annan stad i byen sit Marcos Amano, dagleg leiar på Robin Hood-huset i Bergen. Kvar einaste dag kjem mellom 100 og 160 menneske innom huset, som tilbyr ein sosial møtestad, språkhjelp, mat og klede til økonomisk vanskelegstilte.

Også han trur det finst eit behov for overnattingstilbodet.

– Vi veit ikkje nøyaktig kor mange som bur på gata. Men sist vinter såg vi at det var ein god del folk som budde ute, også i kulda, og som fekk store helseproblem på grunn av det. Det håpar vi at ikkje skal skje no.

"Tiggerpakka" kjem til nytte

Det er den såkalla "Tiggerpakka" som den raudgrøne regjeringa lanserte i fjor som no er med å finansiere overnattingstilbodet på dei to sovesalane Kirkens Bymisjon har leigd i Bergen.

Aurelia Dracica

SPRÅKKYNDIGHEIT SKAPER TILLIT: Aurelia Dracica snakkar både spansk, italiensk, rumensk og romani. Det gjer det langt enklare for dei tilsette på Robin Hood-huset å komme i god kontakt med dei utanlandske tilreisande som kjem til Bergen.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Også på Robin Hood-huset har pengane som dei tre organisasjonane gjekk saman og søkte om, utretta mykje.

Aurelia Dracica er sjølv frå Romania, og kom til Noreg for to år sidan. Ho er tidlegare ein av brukarane ved Robin Hood-huset, men er no tilsett i ei prosjektstilling finansiert av "tiggerpakka".

– Det er ein stor fordel for oss at vi no har ein som snakkar både spansk, rumensk, romani og fleire andre språk, seier Marcos Amano.

Dracica trur det har mykje å sei for edi som kjem til huset for å be om hjelp til for eksempel korleis dei søkjer jobb i Noreg, eller kan finne ein stad å bu, at dei møter ein person som sjølv har opplevd å vere ny.

– Det skaper veldig tillit, det er eg viss på. For alt dei går gjennom, kan eg jo kjenne meg igjen i, smiler ho.

Sovesal

OPNAR DØRANE: Leif jarle Theis seier det ikkje er tilfeldig at overnattingstilbodet opnar akkurat 1.oktober. - Dette er den første haustdagen, og det går mot kaldare tider. Vi trur det er no og dei neste tre månadande at behovet for soveplassar er størst.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK