Må kaste fem tonn pinnekjøt

Spekematprodusenten Nortura på Evanger i Voss kommune blei hardt ramma av flaumen, og det går utover julematproduksjonen. – Me kjem til å levere for lite i år, det er heilt sikkert, seier fabrikksjefen.

Spekematprodusenten Nortura på Evanger i Voss kommune blei hardt ramma av flommen. Med vatnet på retur kjem dei omfattende skadane til syne. – Me lyt tru at me kan vera her videre, seier fabrikksjefen.

STOR MENGDER: På Nortura på Evanger har store mengder kjøt går tapt etter flaumen.

Nortura på Evanger fekk inn store mengder vatn på fabrikken, og dei 13 tilsette er travelt opptatt med å bere ut kjøt som har gått tapt.

– Dette er kjøt som me skulle produsere av på måndag. Det er litt her, og litt der. Vatnet har flytta det rundt, seier Bente Jorunn Sundheim som er fabrikksjef i Nortura på Evanger.

Går ut over julematen

Kjøt gjekk tapt på Nortura Evanger

TAPT: Store mengder kjøt gjekk tapt for Nortura på Evanger etter flaumen. Fem tonn pinnekjøt og eitt tonn Tiriltunga fårepølse er øydelagt.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Fabrikken på Evanger produserer rundt 600 tonn med kjøt i året, og halvparten av dette vert produsert i perioden september til og med november.

Bente Jorunn Sundheim har enno ikkje oversikt over kor mykje kjøt som totalt har gått tapt, men fem tonn pinnekjøt og eitt tonn Tiriltunga fårepølse veit ho er heilt øydelagt.

– Kjøtet går i boset, alt må destruerast. Det har vore vatn over det, og me tek ingen sjansar på å få noko forureina, seier Sundheim.

Ifølgje Sundheim vil det vere folk som ikkje får tak i visse typar pinnekjøt i år.

– Det er klart at når me mistar fleire tonn kjøt vil forbrukarane merke det. Det kjøtet som Nortura produsera, altså Eldhusrøkt kjøt, vil ikkje like mange få tak i i år, seier Sundheim.

Øydelagde maskiner

Straumanlegget og viktige maskiner stod under vatn under flaumen, og det kan ta lang tid før produksjonen er i gang igjen.

– Me har dei beste av dei beste til å lage spekemat her på Evanger, så me må få opp att produksjonen, seier Sundheim.

– Me lyt tru at me kan vera her vidare, seier fabrikksjefen.

Bente Jorunn Sundheim

ØYDELAGT: Bente Jorunn Sundheim som er fabrikksjef på Nortura Evanger, seier store mengder kjøt, og maskiner har gått tapt i flaumen.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Ho viser fram vakuummaskiner, og skjæremaskiner som har fått store mengder vatn over seg.

– Maskinene er nok øydelagde fordi det har kome så mykje vatn oppi dei. Me må ha reparatørar her og sjå på dei, men eg er stygt redd for at dei er ferdige, seier Sundheim.

– Det er forferdeleg, legg ho til.

To skap som er svært viktige i kjøtproduksjonen av mellom anna Vossakorv var begge heilt under vatn då flaumen stod på som verst. Det er i desse skapa kjøtet vert tørka, røykt, og kokt.

Leverandøren av skapa har enno ikkje fått sett på dei, og Sundheim veit difor ikkje kva tid dei kan komme i gang med produksjonen att.

Gamle eldhus skadd

På fabrikken er det 11 eldhus og alle er bygd på 1930-talet, og desse er det svært viktig for Nortura å få tørke opp, slik at dei kan byrje å produsere att.

– Det er dei som gjer at Nortura er på Evanger. Hadde me hatt mogelegheit til å flytte desse på ein tørrare plass, så hadde me gjort det, men det går ikkje, seier Sundheim.

På 1950-talet vart det forsøkt å bygge nye eldhus, men Sundheim seier dei nye eldhusa ikkje gir den same tørkinga og modninga av kjøtet.

– Du får ikkje den same kvaliteten på eit eldhus som du byggjer i dag, samanlikna med eit som har vore brukt så lenge, i over 80 år, seier ho.

SJÅ VIDEO:

I produksjonslokalet til Nortura Evanger på Voss er det over éin meter høgt vatn inne i fabrikken.

FLAUM: Fabrikken til Nortura på Evanger var full av vatn etter flaumen.