Hopp til innhold

Må avlive «Ørnulf»

Havørnen som låg an til å bli kråkemat, har så store skadar at livet står ikkje til å redde – Det ville ha blitt ein totalt handikappa rovfugl, seier veterinæren.

Ørnulf

MÅ AVLIVAST: Skaden til Ørnulf er så alvorleg at det ikkje går an å behandle skaden. No må han bli avliva.

Foto: Torkjell Kjosås

– Ytste delen av vingen, som eigentleg er ein omskapt hand, er heilt totalt most. Den manglar til og med beinsplintar, seier veterinær Nils Reither.

På torsdag fortalde NRK om Torkjell Kjosås og Arvid Holt, som hadde oppdaga ein skadd hannørn frå stovevindauget sitt. «Ørnulf» sat på eit skjær 500 meter ute i fjorden ved Norheimsund.

Ørn og Arvid Holt

FEKK TAK I ØRNEN: Torkjell Kjosås og kameraten, Arvid Holt (biletet), starta ein redningsaksjon for den skadde ørnen på laurdag.

Foto: Torkjell Kjosås

Rundt trippa ein stor flokk kråker, og den skadde ørnen låg an til å bli kråkemat.

Tok affære

Kjosås og kompisen Arvid Holt tok affære og starta ein redningsaksjon. Dei fekk tak i ørnen og skulle få den undersøkt av ein veterinær.

– Dei skal då sjå om det er noko dei kan behandla. Om den har brekt vengja, er det lite å gjere for den. Vi får håpe det er andre ting, sa Kjosås til NRK i går.

Totalt handikappa rovfugl

Veterinæren har no vurdert skaden til Ørnulf, og den er diverre så alvorleg at ein kan ikkje gjere noko for å få vingen til å fungere igjen.

– Det er ein så stor skade at det vil bli ein totalt handikappa rovfugl, og diverre så er det mest humane at fuglen blir avliva, seier veterinæren.

Skadd havørn

SKADD: Havørnen er skadd yttarst på venstre vengje.

Foto: Torkjell Kjosås

Han forklarar vidare at gamle Ørnulf har nok våre i ein kamp med ein yngre hannørn. Det har vore ein kamp om territorium og den andre ørnen har vore sterkare.

– Den gamle blir erstatta av ein yngre og sterkare hannfugl. Det er diverre «the hard and real life», legg Reither til.

– Den beste løysinga

Sidan Ørnulf ikkje vil klare seg i naturen, må den no bli avliva.

– Det er dumt, men sånn er det berre. Dette er uansett den beste løysinga, seier Reither.

Tore Wiers, fagkonsulent på Uni Research, har diskutert situasjonen med Fylkesmannen og Mattilsynet.

– Vi kom fram til at avliving er beste løysinga, og planer er å gjere det så fort som mogleg, seier Wiers.

Veterinær Reither er imponert over innsatsen til Kjosås og Holt.

– Det dei har gjort er veldig bra. Det var ein god aksjon, på mange måtar. Sjølv om det ikkje blir den mest lukkelege slutten, så hindrar vi no at ørnen hadde lidd ute på skjæret, seier Reither.

Skadd ørn i Hardanger

SKADD HANNØRN: Her sat den skadde havørnen på eit skjær utanfor Norheimsund i Hardanger medan ein kråkeflokk følgde interessert med.

Foto: Torkjell Kjosås