Hopp til innhold

Lundestad smasher på nobelkomite-bordet

Geir Lundestad er ein fredens mann, men manglar definitivt ikkje konkurranseinstinkt i bordtennisduell med Linda Eide.

Linda Eide og Geir Lundestad spiller bordtennis på Det Norske Nobelinstitutt sitt komitebord.

Se den tidligere nobeldirektørens komitebord-smash.

Linda Eide og Geir Lundestad

DUELL: Linda Eide og Geir Lundestad speler bordtennis.

Foto: Thomas Hellum / NRK

I søndagens episode av «Smæsj» er Noregs mest berømte komitebord gjort om til bordtennisbord.

Når programleiar Linda Eide speler ein slapp ball over til Lundestad, svarar den avgåtte nobeldirektøren med ein knallhard smash.

Linda Eide gir opp. Lundestad vender seg umiddelbart til kameramannen.

– Fekk du den?!

Nixon møtte Mao

KISSINGER CHINA NIXON TSE-TUNG

VIKTIG MØTE: President Richard Nixon helser på Mao Tse-tung i kommunist-Kina i 1972.

Foto: AP

I episoden, som altså handlar om bordtennis, fortel Lundestad den mest oppsiktsvekkande episoden i heile bordtennissoga.

Då president Nixon møtte formann Mao i 1972, var det kald krig, og på førehand var det ingen som trudde dei to erkefiendane USA og Kina nokon gong ville møtast.

Men så byrja ein bordtennisball å rulla.

– Nixon sitt møte med Mao forandra heile det politiske landskapet, det var eit jordskjelv, seier Lundestad.

– Alle veit at Lundestad kan slå fra seg

Det starta etter VM i Tokyo i 1971. Heila verda måpte då det amerikanske bordtennislandslaget vart invitert til Kina for spela oppvisningskampar.

Ville verkeleg kinesarane ha kontakt med den uttalte erkefienden USA?

Så starta sonderingane der begge partar følte seg fram, ein prosess som er blitt kalla «Pingpongdiplomatiet». Eit diplomati som altså enda med det historiske bildet der Nixon handhelsar på Mao.

Eide er fascinert over både historia og den tidlegare nobeldirektørens bordtennisferdigheiter.

– Alle veit jo at Lundestad kan slå ifrå seg, men at han også har ein formidabel bordtennis-smash kom overrumplande på meg. Det er ekstra imponerande når ein veit at han manglar to fingrar på den handa han held racketen med, konkluderer Eide.

Linda Eide

IMPONERT: Linda Eide, programleiar i «Smæsj».

Foto: Thomas Hellum / NRK