Hopp til innhold

Smæsj (6:8)

Uke 48 NRK1 søndag 29. november kl. 20.15

Curling er steingammalt. Curling er fascinerande. Og kven fann på det? Mest sannsynleg hadde vedkommande kilt eller munkekappe.

Smæsj (6:8)

Linda Eide, fokusert og kledd for Curling.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Linda Eide spelar curling med karar som til saman er eldre enn kristendomen i Noreg, og Dordi Norby syner fram si største bragd på isen, ein stein du berre ser kvart tusande år.

Og det mest oppsiktsvekkande av alt: Steinen i curlingsteinen kjem frå ein einaste plass. Og den ligg i havet.

Om serien

Ein serie på åtte program om korleis åtte ulike sportar er blitt til. Linda Eide dreg frå sin eigen barndom på Bakkane heime og ut i den store verda. Til stader og folk som kan fortelja om mennesket sin oppfinnsomheit og trong til leik og moro. Om det er med stein og kost på isen, ein racket i handa, i ein piruett under vatnet, eller med ein ball i beina.

Smæsj er ei kulturhistorisk reise tilbake til fjern og nær fortid. Til adel og arbeidarklasse, til dei kongelege og folk flest. Me møter pasjonerte amatørar, engasjerte pionerar og leikande menneske i inn- og utland. Smæsj syner fram mennesket sin evige trong til å setja leiken i system og konkurrera med kvarandre. Til å la det gå sport i det. Og denne trongen er like sterk i vår daglege kvardag som i dei store konkurransane. Både før og no.