- Det blir smæsja og serva i meir enn 220 land. Men framleis står mange ganske passive i gymtimane og berre ser på at ballen ramlar ned rett attmed dei. Det er i alle fall mitt minne frå skulen, seier Linda Eide.
Jesus har stått sentralt i spreiinga av sporten, det same har 1. verdskrigen. Men i Noreg kan me takka Stalin for importen. Norsk volleyball er historia om damer på lastebil, propagandaturar og ei bygd i Aust-Agder som har forstått og smæsja fotballen ned på andreplass.
Om serien
Ein serie på åtte program om korleis åtte ulike sportar er blitt til. Linda Eide dreg frå sin eigen barndom på Bakkane heime og ut i den store verda. Til stader og folk som kan fortelja om mennesket sin oppfinnsomheit og trong til leik og moro. Om det er med stein og kost på isen, ein racket i handa, i ein piruett under vatnet, eller med ein ball i beina.
Smæsj er ei kulturhistorisk reise tilbake til fjern og nær fortid. Til adel og arbeidarklasse, til dei kongelege og folk flest. Me møter pasjonerte amatørar, engasjerte pionerar og leikande menneske i inn- og utland. Smæsj syner fram mennesket sin evige trong til å setja leiken i system og konkurrera med kvarandre. Til å la det gå sport i det. Og denne trongen er like sterk i vår daglege kvardag som i dei store konkurransane. Både før og no.