NRK Meny
Normal

Byråden lovar ein betre sentrumsplan

Byrådets plan for Bergen sentrum har møtt kvass kritikk. – Eg vil gjere sentrumsplanen meir konkret enn mine forgjengarar, seier næringsbyråden i Bergen.

Tall Ships' Races Bergen

FOR DÅRLEG: Korleis skal byrådet utvikle Bergen sentrum? Det er svaret ein ny sentrumsplan skal svare på.

Foto: Eivind Senneset

Byrådets plan for Bergen sentrum får skarp kritikk frå både eigne parti og heile opposisjonen. Planen blir kalla både «vag», «lite forpliktande» og «ei ønskeliste».

Stormoen ny byråd

LAGAR NY PLAN: Etter at Byrådets plan for Bergen sentrum fekk sterk kritikk for å vere utan konkrete tiltak, seier byråd Helge Stormoen at han vil lage ein ny plan.

Foto: NRK

Det er formuleringar som «sjå på moglegheita for gjennomføring av dialogmøte», som har fått politikarane til å rynke på nasen.

Næringskomiteen har sendt i retur planen som tre no avgåtte byrådar gjorde ferdig før sommaren. Den nye næringsbyråden Helge Stormoen i Frp vil lage ein meir konkret sentrumsplan for Bergen enn det hans forgjengar gjorde.

– Planen landa i fanget vårt igjen på tysdag. No skal me saman med komiteen sine medlemar gå gjennom han, for å få innspel til å endre det dei meiner er svakheiter ved planen.

– Ein vag og lite konkret plan

Siw-Anita Lien

GLAD FOR SNUOPERASJON: – Bergen treng ikkje ein plan på 50 sider med inspirasjon for kva som kanskje potensielt mogleg kan gjerast, seier Siw-Anita Lien (Ap).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I 2012 bestemte byrådet, med daverande næringsbyråd Gunnar Bakke, seg for å sette i gang med ein ny sentrumsplan for Bergen. Etter to års arbeid kom planen til politisk behandling tidlegare i sommar. Den skal innehalde tankar om Fisketorget i Bergen og sørge for «økt handelsomsetning og attraktivitet» i bykjernen.

Lista over kva som manglar i planen er veldig lang, sa Siw-Anita Lien i Arbeidarpartiet til NRK i går.

– Me må ha konkrete tiltak og prioriteringar, og det manglar denne planen fullstendig. Bergen treng ikkje ein plan på 50 sider med inspirasjon for kva som kanskje potensielt mogleg kan gjerast.

Ho er glad for at byråden vil forbetre sentrumsplanen.

– Det følast veldig godt at vi vert møtte med forståing frå byråden om at behovet var der for ein betre konkretisering av planen. Stormoen har vore samarbeidsvillig, seier Lien i dag.

Også Bergens næringsråd har kritisert sentrumsplanen for å mangle løysingar på korleis fleire skal kunne bu i Bergen sentrum.

Meiner forarbeidet har vore bra

Boliger i Bergen

– MANGLAR LØYSINGAR: Bergens næringsråd har kritisert sentrumsplanen for å mangle løysingar på korleis fleire skal kunne bu i Bergen sentrum.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Kor raskt ein ny plan vil komme på bordet, kan ikkje byråden svare på.

– Det blir i alle fall ikkje neste veke. Men eg håpar me skal få jobba fram ein ny plan raskt, seier Stormoen.

– Går det an å vri denne planen til å bli ein konkret handlingsplan eller er ikkje det tanken?

– Tanken er i utgangspunktet er at det skal vere ein ambisjon- og inspirasjonsplan. Konkrete tiltak vil ha ein pris og dette må me få baka inn i denne planen, seier Stormoen.

– Er det kjedeleg å få ein plan som tre andre byrådar blir kritisert for å ha laga for dårleg i fanget?

– Nei, eg føler forarbeidet har vore veldig bra.

Siste video

Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.