Det er VG Nett som fredag melder at Kriminalomsorga har utarbeidd ei liste med krav som den overgrepsdømde "lommemannen" må følgje dersom han skal prøvelauslatast.
I 2011 blei 62-årige Erik Andersen frå Bergen dømd til ti års forvaring med ei minstetid på sju års fengsel for overgrep mot 66 gutar.
- Les òg:
Lang liste med krav
Neste måndag er minstetida uløpt, og Andersen kan dermed bægjere seg prøvelauslatt for første gong.
Men det skjer ikkje utan krav. Ifølgje VG må han blant anna godta følgjande innskrenkingar:
- Han får berre lov til å opphalde seg i fylket der han bur, med mindre noko anna er avklart med Kriminalomsorga.
- Han får ikkje oppsøke symjehallar, gutegarderobar eller andre badeanlegg.
- Han får ikkje ha kontakt med barn utan at andre vaksne er til stades.
- Han får berre bu heime.
- Han må følgjast opp av Friomsorga, og følgje eit behandlingsopplegg.
- Han får ikkje oppsøke nokon av dei fornærma i straffesaka mot seg.
Ofra fryktar lauslating
Tidlegare i år fortalde NRK.no at ofra for den såkalla "lommemannen" fryktar ei eventuell prøvelauslating.
Bistandsadvokat Line Hvidtsten Ingebrigtsen, som representerte to offer i saka, reagerte kraftig på at Andersen kan bli prøvelauslaten, berre fire år etter at han blei dømd.
Eg tenker at mine klientar vil møte sommaren med stor frykt. Både frykt for å møte på han, og for å bli oppsøkt av han, sa Hvidtsten Ingebrigtsen den gongen.
- Les saka her:
Kriminalomsorga på regionsnivå ønskjer ifølgje VG ikkje at Erik Andersen skal lauslatast på prøve. Neste veke blir det truleg klart om den overgrepsdømde 62-åringen vil kunne gå fri.