Hopp til innhold

Like ved skulen vinka UP inn ti bilar i timen

Barneskulerektor sende uromelding til vegstellet i mars. To politikontrollar seinare er éin sjåfør narkoteken, fem står utan førarkort og 84 ilagt bot.

Politikontroll ved Sundve skule

KONTROLL HER: Titusenvis av kroner og to førarkort rauk med då UP hadde fartskontroll ved Sundve skule på E16 i ettermiddag.

Foto: Terje Oksnes / Utrykningspolitiet

Fartskontrollen på E16 ved trafikkutsette Sundve skule på Vossevangen er nedslåande, meiner rektor ved Sundve skule, Kari Dynde Dregelid.

Utrykkingspolitiet stansa 53 sjåførar på fem timar fredag ettermiddag.

Køyretøyet med høgast fart vart mål til 90 kilometer i timen. Fartsgrensa på staden er 50.

Rektor fekk nok av farlege trafikksituasjonar og varsla vegstellet. No vil utrykkingspolitiet (UP) gje 50-sonen på Vossestrand særleg prioritering framover.

– Me er glade for at politiet gjer tryggleiken til elevane betre. Men politiet kan ikkje vera her ein gong i veka. Det må gjerast varige tiltak, seier Dregelid.

LES OGSÅ: UP om påsketrafikken: – Nedslåande

Lærarar går trafikkvakt

Høg fart, vågale forbikøyringar og farlege situasjonar har vore eit tilbakevendande problem for om lag 190 elevar og tilsette ved skulen.

Skulen ligg like ved E16 og trafikktryggleiken ved skulen er så uviss at lærarar går vakt morgon og ettermiddag. Foreldre som hentar og leverer ungar fortel om farlege forbikøyringar og omsynslaus fart, fortel Dregelid. I tillegg parkerer vogntog i busslomma ved skulen slik at elevane må gå mellom desse for å koma fram til bussen.

– Trafikkvaktar har me hatt lenge. No har me ekstrafokus. Trafikken har auka og det er ofte uoversynlege og farlege situasjonar her, seier Dregelid.

Trafikkontroll på E16 ved Sundve skule

NARKOTEKEN: Éin sjåfør testa positivt for kannabis. Bilføraren var mellom dei 53 sjåførane som overskreid fartgrensa.

Foto: Terje Oksnes / Utrykningspolitiet

Dobbelt så mange fartssyndarar

Difor sende rektoren brev til Statens vegvesen i midten av mars. Utfordringane ved busslomma og den høge farten forbi skulen var tema. Vegvesenet tok raskt grep og sende saka vidare til politiet på Voss, som sette UP på saka.

1. april tok politiet 31 sjåførar på den same strekninga. Fire av desse mista førarkortet på staden.

Sjef for UP distrikt Vest og Sørvest, Terje Oksnes, er ikkje glad for at talet er høgare ei veke seinare.

Fredag tok politiet ti sjåførar i timen.

– Talet på fartsbrot er dobbelt så høgt som me elles plar avdekkja på denne strekkja. Det er for høgt, konstaterer UP-sjefen.

LES OGSÅ: Då livet blei sett på vent

Oksnes varslar at strekningen kjem til å verta særleg prioritert framover.

– Me vil ha kontrollar med jamne mellomrom. Kanskje må ein òg setja i verk andre trafikktryggleikstiltak enn berre politikontroll, seier Oksnes.

Ifølge UP-sjefen kan det verta aktuelt med automatisk trafikkontroll forbi Sundve skule.

Har bede om tiltak i årevis

Det gler Dregelid. Rektoren håpar hyppige kontrollar vil ha ein preventiv effekt, men ho trur det krevst sterkare lut for å seinka bilistane.

– Tidlegare var det rumlefelt på strekningen, men det vart bestemt fjerna på grunn av høg lyd. No håpar me på fotoboks, seier Dregelid.