NRK Meny
Normal

Kyrkjeleg barnehagekjede til sak mot eigne tilsette

Full strid om pensjon hamnar i retten. – Eg har aldri vore med på liknande, seier Trude Haukås i Fagforbundet.

Bjerknesparken Akasia

STEMNAR EIGNE TILSETTE: Barnehagekonsernet Akasia Barnehage har bygd seg opp til å bli ein av dei største private barnehageaktørane på Vestlandet. No stemnar dei nesten hundre av sine eigne tilsette. Biletet viser Bjerknesparken barnehage i Bergen.

Foto: Christian Lura / NRK

Det bryggjer opp til strid mellom kyrkja og fagrørsla i Bergen. Fagforbundet har gått til søksmål mot selskapet Akasia AS.

Det private konsernet, som er heileigd av Bergen kirkelige fellesråd (BKF), har svara med å gå til sivilt motsøksmål mot om lag nitti av sine eigne tilsette.

– Det er urovekkjande og sjokkerande. Eg har aldri vore med på noko liknande, seier Trude Haukås i Fagforbundet i Hordaland.

– Svært beklageleg, men me hadde ikkje noko val, lyder svaret frå administrerande direktør Ove-Christian Fredriksen i Akasia.

Kyrkjeaktør har bygd seg opp

Bergen kirkelige fellesråd er ein av dei største aktørane på den private barnehagemarknaden i Bergen. Sidan fellesrådet kjøpte den første barnehagen i 2007, har ei utvida satsing på barnehagar gjeve BKF kontroll over 1.500 barnehageplassar fordelte på 380 tilsette. 18 barnehagar ligg i Bergen og to i Kvinnherad og Sola.

1. januar 2016 vart alle barnehagane, inkludert tilsette og kontraktar, overdregne frå Bergen kirkelige fellesråd og samla i Akasia-konsernet under Akasia Barnehage AS.

Trass i at Akasia valde ikkje å reservera seg mot tariffavtalen dei tilsette hadde, melde selskapet alle tilsette ut av den tariffesta pensjonsordninga og inn i ei pensjonsordning Akasia sjølv hadde oppretta.

Bjerknesparken barnehage

STORAKTØR: Akasia er ein av dei største private aktørane på barnehagemarknaden i Bergen. Selskapet eig og driv 18 barnehagar i Bergen, i tillegg til barnehagar i Kvinnherad og Sola.

Foto: Christian Lura / NRK

– Me meiner alt er gjort etter lovverket. Dei som har kome dårlegare ut har blitt kompensert for det, seier konsernsjefen i Akasia.

Odd-Haldgeir Larsen, Fagforbundet

KRITISK: Nestleiar Odd-Haldgeir Larsen i Fagforbundet er kritisk til framgangsmetoden til Akasia. Det er første gong han er med på at ein arbeidsgjevar stemnar sine eigne. – Veldig spesielt.

Foto: Presse / Fagforbundet

No har Fagforbundet stemna Akasia for arbeidsretten. Fagorganisasjonen meiner Akasia ikkje hadde høve til å innføra ei ny pensjonsordning og dermed bryt med reglane for hovudtariffavtalen. Også Utdanningsforbundet og Delta, som organiserer dei barnehagetilsette i Akasia, stiller seg bak.

Fagorganisasjonen fryktar saka skal skapa presedens.

– Me har å gjera med mange arbeidsgjevarar, men Akasia har opptredd på ein måte som overraskar oss, seier Odd-Haldgeir Larsen, nestleiar i Fagforbundet.

Det slår beina under heile tariffsystemet viss du kan overta ein tariffavtale i sin heilskap, men sjølv plukka vekk punkta du ikkje vil ha med

Trude Haukås, Fagforbundet i Hordaland

– Aldri høyrt om liknande

Akasia meiner saka skal førast for ein sivil domstol, og ikkje i arbeidsretten, fordi usemja handlar om ei tolking av arbeidsmiljølova.

Som eit svar valde difor barnehagegiganten å gå til motsøksmål mot nitti av sine eigne tilsette, for å prøva saka i Bergen tingrett. Selskapet har stemna alle organiserte i Fagforbundet som blei overdregne frå BKF.

– Me har ikkje moglegheit til å få fram ei sak for tingretten ved å stemna Fagforbundet. Me måtte stemna juridiske personar, så diverre såg me oss nøydde til å stemna den gruppa tilsette, seier Fredriksen.

Bjerknesparken barnehage

USEMJE: Akasia hevdar å ha gjeve dei tilsette pensjonsordning som er betre enn den dei hadde. Fagforbundet meiner ordninga er tydeleg svekt, og at ho gir kvinner ein dårlegare pensjon.

Foto: Christian Lura / NRK

Direktøren forstår at dei tilsette oppfattar situasjonen som krevjande.

Haukås i Fagforbundet reagerer sterkt på at arbeidsgjevaren si framferd.

– Eg har aldri høyrt om at ein arbeidsgjevar går til sak mot eigne tilsette.

Saka skal opp i arbeidsretten i april. Motsøksmålet i Bergen tingrett er fastsett til slutten av august.

Dette er ikkje eit angrep på den enkelte tilsette – det handlar om å få avklart ei lovtolking.

Ove-Christian Fredriksen, administrerande direktør i Akasia

Reagerer på at kyrkja vil gjera business

I løpet av dei siste åra har Bergen kirkelige fellesråd teke opp lån på fleire hundre millionar kroner for å byggja seg opp i marknaden. Lånet er overført til Akasia. Difor vil konsernet forhandla om pensjonsordningar som gir selskapet kostnader dei kan leva med.

Fredag blei det brot i forhandlingane mellom Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Delta og Lederne om ny tariffavtale for selskapa innanfor Spekter.

Direktøren vedgår at ein stram økonomi gjer pensjonsforhandlingane svært viktige for framtida til konsernet.

Ove-Christian Fredriksen

ADMINISTRERANDE DIREKTØR: Ove-Christian Fredriksen forstår at dei tilsette reagerer på at det blir søksmål, men han understrekar at dette handlar om sak, ikkje person. – Dette handlar om å få avklart ei lovtolking.

Foto: Pressebilde / Akasia

– Økonomien er stram. Me treng gode ordningar for dei tilsette og ei pensjonsordning som gjer berekraftige kostnader for Akasia. Det er viktig for å kunna vidareføra organisasjonen.

Ifølgje Klassekampen, som har omtala opprettinga av konsernet tidlegare, er målet for kyrkja å kunne ta utbyte frå barnehagane.

– Akasia vil tena pengar for å ta utbyte. Det har dei aldri lagt skjul på. Skal dei det, er det løn og pensjon dei kan spara på. Det kan ikkje me akseptera, seier Haukås.

Det avviser Fredriksen.

– Det er ikkje snakk om at noko utbyte frå barnehagedrifta styrer vala me tek. Målet er å sikra vidare drift.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.