Hopp til innhold

Det kokte over då bilen bak ikkje tok eit hint

Alle veit om tre sekund-regelen. Men kva gjer du når bilen bak legg seg heilt oppi støtfangaren din?

Avstand til forankjørende

AVSTAND: Den gamle huskeregelen er 1001-1002-1003, og den gjeld framleis.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Avstanden til forankjørende skal være så stor at det ikke oppstår fare for påkjøring dersom den forankjørende saktner farten eller stanser. Avstanden skal være slik at forbikjørende uten fare kan kjøre inn mellom kjøretøyene.

Trafikkreglene, paragraf 5

Det er sein sundag kveld i Bergen. Lite bilar på vegen. Eg køyrer bil på veg heim frå jobb. Ligg kanskje bitte litt over fartsgrensa på 70 kilometer i timen.

Plutseleg ligg det ein BMW rett bak meg. Og då meiner eg rett bak. Eg følgjer med i spegelen om han har tenkt å justera avstanden, men det verkar tvert i mot som han kjem endå nærare.

Eg prøver først med eit lite hint. Eit forsiktig trykk på bremsepedalen, berre for å få bremselysa på. Reaksjonen er voldsom blinking med lysa der bak. Eg kjenner at irritasjonen aukar. Prøver igjen. Same reaksjon. Same avstand.

Då kokar det over for meg, og eg legg meg på fløyta. Det blir veldig god lyd inne i tunnelen. Godt at ingen andre er i nærleiken. Tar ikkje tida, men signalet var langvarig og veldig tydeleg. Då ser eg at bilen forsvinn lenger bak.

Vi skal same vegen endå eit stykke, men han vågar seg ikkje innanfor intimsona mi fleire gonger.

I ettertid tenkjer eg det var ein overreaksjon, og kankje ikkje heilt etter boka, men det var i alle fall slik det skjedde.

  • Har du opplevd noko liknande? Skriv gjerne i kommentarfeltet nedst!

– Elever blir redde

Det er ein styggedom at mange er blitt så utolmodige i trafikken

Jens A. Kleppe, leder for trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon

– Slike farlege situasjonar ser vi dagleg. Elevane våre blir ofte redde når bilar bak kjem altfor tett, seier køyrelærar Anders Arntsen i Bergen til NRK.no.

Han er fylkesleiar i Hordaland for Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund (ATL), og har mange års erfaring som køyrelærar ved Arntsen Trafikkskole.

– Det beste rådet er å sleppa bilen forbi, seier han.

Arntsen seier at bruk av bremselys for å signalisera at avstanden er for kort i verste fall kan føra til farlege situasjonar. Bilen bak kan koma til å bråbremsa når han ser at bremselysa kjem på.

Han seier det ofte kan vera vogntog og andre store bilar som ligg svært tett. Køyreskulen har fleire gonger meldt slike farlege situasjonar til politiet, viss dei har greidd å notera registreringsnummeret.

Jens Kleppe

FARLEG: – Dei fleste skjønar jo kva som kan skje viss ein plutseleg må bremsa ned, seier Jens A. Kleppe i politiet.

Foto: Guro Valland / NRK

Han meiner andre bilistar bør vera spesielt forsiktige når dei ser skule-skiltet på bilen framfor seg.

Arntsen seier problemet er aukande, og får støtte frå kollegaer rundt lunsjbordet i Bergen.

– Det blir meir og meir aggressiv køyring, og bilane ligg tettare. Det skal vera minst tre sekund, men ofte må det vera meir på grunn av køyreforholda, seier Arntsen.

– Svært ubehageleg

Leiar for trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon, Jens A. Kleppe, seier det er vanskeleg å gje råd om kva ein skal gjera, fordi det er avhengig av den konkrete situasjonen.

– Du kan skifta felt viss det er mogleg, eller køyra inn til sida og sleppa bilen forbi. Ein må i alle fall ikkje køyra fortare, og det er viktig å opptre passivt i slike situasjonar, seier Kleppe.

Han seier det kan vera svært ubehageleg å ha bilar tett innpå seg, spesielt når det er store køyretøy som ligg bak.

– Dei fleste skjønar jo kva som kan skje viss ein plutseleg må bremsa ned, seier Kleppe.

Han seier det er eit stort problem at folk ligg for nær kvarandre, og meiner dette fører til mange kollisjonar.

– Det verkar som mange har gløymt regelen om tre sekunds avstand. Eg trur ikkje folk er klar over kor store krefter som er i sving, seier Kleppe.

5200 kroner i bot

Politiet brukar videokamera i vegkanten eller i politibilar til å avsløra for kort avstand mellom bilar. Men også eigne observasjonar som politiet gjer i trafikken kan gje grunnlag for reaksjonar.

Viss politiet oppdagar bilar som køyrer for tett, kan dei straffast med 5200 kroner i førelegg og tre prikkar i førarkortet.

– Det er eit bøtenivå som svarar til køyring på raudt lys, seier Kleppe.

I grove tilfelle, der avstanden er mindre enn eit halvt sekund, blir saka meldt og sjåføren kan missa førarkortet i minst tre månader. For tyngre køyretøy er denne grensa på eitt sekund.

– Det er ein styggedom at mange er blitt så utolmodige i trafikken. Ingen kjem fortare fram ved å ligga tett inntil bilen framfor, seier Kleppe.

Han minner også om at ein misser sikten framover ved å ligga så nær, spesielt når ein ligg bak større bilar.

Fleire hundre i året

Runar Karlsen

SLEPP FORBI: – Det beste er å finna ein stad der ein trygt kan sleppa bilen bak forbi, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

UP-sjef Runar Karlsen kjenner godt igjen den vanskelege situasjonen som oppstår når andre blir for nærgåande i trafikken.

– Det er frykteleg ubehageleg å koma i ein slik situasjon, spesielt når det er tunge køyretøy som ligg bak, seier Karlsen.

Han seier det viktigaste er å ikkje la seg pressa til å køyra fortare, men at det vil variera frå situasjon til situasjon kva ein bør gjera.

– Det beste er å finna ein stad der ein trygt kan sleppa bilen bak forbi. I grove tilfelle med svært aggressiv køyring, må ein vurdera å ringa til politiet, seier Karlsen.

Bruk av bremselys eller naudblink vil han ikkje tilrå.

– I heilt ekstreme tilfelle kan ein setja på naudblinken og deretter køyra inn til sida på ein trygg plass, seier UP-sjefen.

Statistikken viser at mellom 400 og 500 bilistar kvart år fekk forenkla førelegg i 2012 og 2013 for å ha køyrt for nær bilen framfor. I tillegg kjem dei grovaste tilfella der det er snakk om førarkortbeslag.

Det er viktig å halde god avstand til bilen framfor deg. Du skal kunne stoppe på den aktuelle avstanden du har til rådvelde. 1001-1002-1003-regelen gjeld framleis. Det vil seie at du skal halde 3 sekunds avstand til bilen framfor, t.d. ved å telje ”1001-1002-1003”. Hugs at for tunge køyretøy vert det tilrådd å ha 5 sekund avstand til bilen framfor.

Politiet sine råd om avstand
Avstand til bil foran
  • Har du opplevd at bilar ligg altfor tett? Skriv gjerne dine opplevingar og meiningar i kommentarfeltet nedanfor!