Hopp til innhold

Fryktar oppseiingar etter millionkutt

Den største folkehøgskulen i landet må kanskje seie opp tilsette etter at regjeringa kuttar 32 millionar i støtte til folkehøgskular i 2015. – Me er skuffa, seier rektor.

Nordhordland folkehøgskule

KUTTAR STØTTE: Ein halv million mindre til Nordhordland folkehøgskule og kutt i stipend til elevane vil få konsekvensar for tilbodet til elevane.

Foto: Nordhordland folkehøgskule

– Etter signala om at ein skulle satse på skulen så har folkehøgskulen opplevd å få ganske mykje i minus på budsjettet, og det er me ikkje glad for, seier Jan Inge Wiig Andersen som er rektor på Nordhordland Folkehøgskule.

Rektoren ved den største folkehøgskulen i Noreg har vore i kontakt med andre folkehøgskular etter at statsbudsjettet vart lagt fram, og kuttet meiner han er såpass stort at elevane kjem til å merke det.

– Det me no håpar på er at KrF og Venstre har mogelegheit til å endre på dette, for dei veit me tradisjonelt sett har vore gode folkehøgskule-parti, seier Wiig Andersen.

Kuttar i støtte og stipend

Det største kuttet på 20 millionar i statsbudsjettet kjem direkte på regjeringa vil redusere tilskotet til skulane, og i tillegg skal stipendet reduserast. Kurs som går eitt semester eller kortare får redusert støtte.

– Det vil gå ut over tilbodet til elevane som skal gå på folkehøgskule, seier Wiig Andersen.

– Stipendet til elevane vil regjeringa redusere til ni månader, sjølv om folkehøgskuleelevar har like mange skuledagar som andre elevar fordi me har laurdagsundervisning, seier Wiig Andersen.

Dårlegare tilbod

Nordhordland folkehøgskule

LAURDAGSUNDERVISNING: Sjølv om skuleåret har færre månadar, har elevane undervisning òg på laurdagar.

Foto: Nordhordland folkehøgskule

Norhordland folkehøgskule er den største folkehøgskulen i Noreg, og eit kutt i budsjettet seier Wiig Andersen vil bety ein halv million kroner mindre til skulen.

– Det er klart eit såpass stort beløp vil få konsekvensar på måten me skal drive på. Enten må me auke elevbetalingen, noko som blir vanskeleg viss stipendet òg vert mindre for elevane, eller så må me redusere tilboda ved skulen, seier Wiig Andersen.

– Me må kanskje redusere mannskap på skulen, og kanskje redusere vedlikehald, men det må me sjå på, seier Wiig Andersen.