- Skulane kan bli fullstendig lamma når dataproblem oppstår, seier fungerande rektor ved Bergen Yrkesskole, Oddvar Eikemo.
Samanslåing av skular
Eikemo samanlikner det å ha datamaskiner som ikkje fungerar, med å ikkje ha blyantar å skrive med. Og da har ein jo eit problem.
Om ei veke blir Bergen yrkesskole og Krohnsminde vidaregåande slått saman til Noregs nest største vidaregåande skule. Ved å kutte i administrasjonen vil fylkeskommunen spare pengar.
Ein mann - mykje jobb
Kutta rammar også IT-personellet. Frå 1. august skal ein mann i 65% stilling som systemansvarleg sørge for at 1400 elevar og 240 tilsette har datautstyr som fungerer.
- Det er så mykje å gjere i den jobben at det ikkje er mogleg for ein person, sjølv i ei 100 prosent stilling med mykje overtid, å få det til å gå rundt.
Rikke Kløvstad har vore elev ved linja for medium og kommunikasjon, ei av linjene som er heilt avhengige av at datamaskinene fungerer heile tida.
- Vi brukar data til nesten alt. Det vart veldig amputert innimellom når datamaskinene var ute av funksjon. Det vart ein del venting sidan han som var dataansvarleg aldri hadde tid til å sjå på maskinene.
Rovdrift på systemansvarleg
- Det er ikkje spesielt tilfredsstillande. Det som skjer er at elevane får eit mykje dårlegare opplæringstilbod. Konsekvensen er rett og slett at ein ikkje når måla i læreplanen, og driv rovdrift på den som er systemansvarleg.
Mali Grete N. Aksnes frå Senterpartiet er leiar i komiteen for næring og utdanning i Hordaland. Ho innrømmer at desse kutta svekker satstinga på data i skulen.
- Heilt klart. Når vi må spare så mykje pengar, så vil det merkast. Men vi trur det er så god kompetanse, og med betre samarbeid, så skal vi halde nivået oppe.
Rektor Eikemo er ikkje einig.
- Eg trur dei skulle tatt seg ein tur ut i skulen og fulgt ein systemansvarleg sin kvardag, og sett kva som er problemet.