Hopp til innhold

Her kan dei juble over den låge krona

Den svake norske krona gjer at deler av eksportindustrien i Hordaland får enorme ekstrainntekter.

industri

MEDVIND: Låg kronekurs betyr mange kroner i kassa for norsk eksport. På biletet ser ein ilmenitt- og jernfabrikken Tizir Titanium & Iron Tyssedal.

Foto: Eramet

Etter fleire år med sterk valuta, er 2014 eit år der den låge krona gjev positivt utslag i botnlinja i norsk industri.

Ifølgje tal frå Norsk Industri ligg veksten i år an til å enda på 19 prosent, viss ein ser vekk frå olje og fisk. Det er takka vere den svake, norske krona.

– For oss er jo ein lav kronekurs udelt positiv, seier administrerande direktør i ilmenitt- og jernfabrikken Tizir Titanium & Iron Tyssedal, Harald Grande.

For han betyr svak norsk krone store pengar i kassen.

LES OGSÅ: Tredobbel lakseeksport til Hviterussland etter russisk boikott

Ny optimisme for norsk eksport

Sindre Finnes

GODE TIDER: På grunn av ein lågare kronekurs går vareeksporten betre for fastlandsbedriftene i 2014, seier fagsjef i norsk industri, Sindre Finnes.

Foto: NRK

Vareeksporten frå fastlands-Noreg går betre i 2014, hovudsakleg på grunn av ei svakare krone, stadfestar fagsjef i Norsk Industri, Sindre Finnes.

– Hordaland vil også i 2014 vere landets største eksportfylke av varer frå fastlands-Norge. Men ser ein eksportnæringa under eit, med olje og fisk, vil eksportinntektene for bedriftene i Hordaland falle med 12–13 prosent samanlikna med 2013.

– Årsaka til dette er lågare eksport frå Noregs største eksportbedrift, Mongstad-raffineriet, på grunn av lågare oljeprisar og ein større oppgraderingsperiode i haust.

– Godt nytt for oss

Ser ein vekk ifrå Mongstad og resten av oljebransjen sin nedgang på nesten 30 prosent i år, har eksporten frå Hordaland auka med to og ein halv milliardar kroner. Direktøren i Tizir Titanium & Iron er ikkje den einaste som nyt godt av den svake krona.

– For den oljeuavhengige eksportindustrien er dette eintydig godt nytt, seier administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit ved Sør-Norge Aluminium på Husnes.

Han beskriv tilstanden til den norske krona som eit valutakurssjokk. Han tør likevel ikkje å love fleire arbeidsplassar heilt enno. Det trass i at Hydro har eit mål om å opne opp att produksjonshallen som blei stengd i 2009. Der var det 100 tilsette.

– Det er for tidleg å seie om dette vil gje eit utslag allereie til neste år. Men det er klart at det som har skjedd i år gjer jo at det ser lysare ut, seier Sævartveit.

LES OGSÅ: Norge har aldri eksportert meir sjømat