Hopp til innhold

Kritisert brøyteselskap sel seg ut etter mareritt-vinter

Brøyteselskapet Lemminkäinen fekk i vinter kraftig kritikk for dårleg brøyting. No har dei selt seg ut av Voss-området og Nordhordland.

snøkaos Kvamskogen

SNØKAOS: Situasjonen på vegane i fylket i vinter fekk bilistane til å sjå raudt. Dette vogntoget fekk problem på Kvamskogen måndag 15. desember.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Etter ein periode med fleire ulukker og stengde vegar i Hordaland i vinter, fekk Statens vegvesen hard kritikk for dårleg brøyting og salting på vegane.

Dei la seg flate for den massive kritikken frå bilistane, og kalla den innleigde hovudentreprenøren Lemminkäinen inn på teppet. Etter møtet konkluderte vegvesenet med at entreprenøren ikkje hadde oppfylt krava i brøytekontrakten.

No melder Lemminkäinen Norge AS på sine nettsider at dei sel seg ut frå drifta av vegane i området kring Voss, i tillegg til Nordhordland, skriv avisa Hordaland.

– Vil reindyrke satsinga

Selskapet har no inngått avtale om sal av selskapets vegdriftsverksemd til KB Vest AS. Dermed kjem den gamle entreprenøren som før brøyta vegane tilbake etter problemvinteren.

I ei pressemelding skriv Lemminkäinen at salet kjem som ifølgje av deira strategi om å styrke og reindyrke satsinga på asfalt, anlegg, pukk og grus.

– Lemminkäinen skal styrke posisjonen som ei av dei ledande aktørane innan asfalt, pukk og grus i Noreg, og skal bygge vidare på satsinga vår innan anlegg. Me ser fram til å konkurrere om og ta del i dei mange infrastrukturane, og kraftutbyggingsprosjekta som kjem i det norske marinade, skriv Jan Øyri, administrerande direktør i Lemminkäinen Norge, i meldinga.

LES OGSÅ: Vegvesenet vurderer å bøtelegge entrepenøren etter snøkaos

Trekker seg ut frå Voss og Nordhordland

Entreprenørfirmaet Lemminkäinen fekk anbodet på den sokalla Vossakontrakten 1. september i fjor.

Lemminkäinen Norge og KB Gruppen vil ikkje offentleggjere finansielle detaljar knytt til salet.

LES OGSÅ: Nå sier vegvesenet unnskyld til bilistene | Vinterkaos på veiene i Hordaland