Hopp til innhold

Kristne melder komikar til politiet

Kristne frå Bergen meldte i dag komikaren Otto Jespersen for blasfemi.

kristne melder Otto Jespersen til politiet
Foto: Linda Nødseth / NRK

Jespersen brente tidlegare denne veka delar av bibelen på rådhusplassen i Ålesund.

Grethe Tangen Olsen er ei av dei som no har meldt Jespersen til politiet. Ho seier at ho føler seg djupt krenka.

- Me reagerer når nokon brenn Guds ord, seier ho. 

 

Grete Tangen Olsen
Foto: Linda Nødseth / NRK

- Går over alle grenser

- Det er så gale at det går over alle grenser. Otto Jespersen og andre må få vita at dei ikkje kan gjera slike ting i dette landet, seier ho.

Dei kristne bergensarane melder TV2-komikararen til politiet for blasfemi. Strafferamma for brot på paragraf 135a er 3 års fengsel.

Bibelbrenninga til Jespersen er ikkje vist på fjernsyn endå, og TV2 har framleis ikkje avgjort om dei skal senda opptaka eller ikkje.

Sjølv angrar ikkje Jespersen på det han har gjort.

kristne melder Otto Jespersen til politiet
Foto: Linda Nødseth / NRK

Vil gje Jespersen ein klem

Til VG sa han på tysdag at han ikkje tykkjer det er noko grunn til å laga rabalder av at nokon brenn nokre Mosebøker i ny og ne.

Tangen Olsen meiner no me treng å setja ei grense for kva som kan aksepterast.

- Eg har lyst til å gje han ein klem for eg tykkjer så synd på han. Dette er ei sak som bør diskuterast breiddt!