Myntevikvegen i Fana har til no vore gratis for naboane, men ikkje lenger. Krav på 100 000 kroner og oppover med betalingsfrist på ti dagar har dumpa ned i rundt 50 postkassar langs vegen.
Dyr vegrett
Dama bak krava, skipsreiar Torunn Økland, tykkjer dette er eit heilt rimeleg krav.
- Ingenting er gratis. Det kostar å byggja vegar, og det kostar å halda dei vedlike, seier ho.
Naboane er no i opprør og meiner at dei har ein vegrett frå 1949, signert dåverande eigar av heile området. Denne vegretten ser Økland vekk ifrå grunna ei omregulering i mellomtida.
Sjokkert over kravet
Velforeininga Espegrend er motpart i saka, og advokaten deira heiter Per Magne Kristiansen. Han er sjokkert over kravet.
- Det er ikkje berre stort, det er formidabelt. Det er det største eg har sett nokon gong i ein slik samanheng, og noko liknande har eg heller aldri vore borti, fortel han.
Ikkje sett noko liknande
Myntevikvegen har eksistert i over 50 år, og advokat Kristiansen meiner pengekravet er ulovleg grunna forelding.
- Dersom ein skulle tatt seg betalt for noko, ville eg trudd at dei som då opprinneleg eigde vegen kunne gjort det. Det er så mange argument her som Torunn Økland har sett bort frå når ho har sendt ut desse fakturaene. Eg trur knapt eg har sett noko liknande, seier han.