Hopp til innhold

Kollegaene om neddopinga: – Vi er sjokkerte

Før den sikta sjukepleiaren var ferdig på nattevakta, hadde kollegaene varsla om at noko var gale.

Tillitsvald Kristine T. Yildirim

TILLITSVALD: Kristine T. Yildirim rosar sine kollegaer for å ha reagert raskt natt til langfredag.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

– Eg er veldig imponert over dei som melde ifrå, seier tillitsvald for Norsk Sykepleierforbund på Ladegården sjukeheim, Kristine T. Yildirim.

NRK møter Yildrim på ein fridag mellom vakter. Då ho kom på jobb morgonen på langfredag, hadde alarmklokkene allereie byrja å ringe på sjukeheimen.

Undervegs i nattevakta merka kollegaer at noko gale var skjedd og institusjonssjefen vart varsla om at nokre pasientar var unormalt trøytte på morgonen.

Ladegården sykehjem i Bergen

SJU PÅ JOBB: Det var sju tilsette på jobb ved Ladegården sjukeheim i Bergen natt til langfredag. Sjukeheimen har 107 bebuarar. Av dei sju som var på jobb var det to sjukepleiarar.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Sjokk

Til politiet har sikta forklart at ho dopa ned pasientane fordi dei var urolege.

– Vi er sjokkerte, alle saman. Når du er nattevakt skal du passe på pasientane. Det kan vere travelt, men ein kan be den andre sjukepleiaren på jobb om hjelp. Det gjorde ho ikkje.

Kristine Yildirim seier det kan vera svært travelt å vera sjukepleiar på nattevakt. Men ho er klar på at medisinar skal nyttast for å hjelpe pasientane, ikkje den som er på vakt.

– Slikt gjer ein berre ikkje.

Same natta har kollegaene dokumentert at dei fann den sikta sovande på vakt.

Hadde fått sloppe å ta vakta

I påska hadde sjukepleiaren gjennom Smart Bemanning fått tildelt to vakter på Ladegården sjukeheim.

Den første vakta tykte ho var så krevjande at ho ikkje ynskte å ta den andre vakta natt til langfredag.

Kvinna sende difor ein e-post til ein konsulent i Smart Bemanning, utan å få svar. Men det er ikkje rett prosedyre, får NRK opplyst av vikarbyrået.

Konsulenten hadde påskeferie og sjukepleiaren skulle uansett heller ha ringt den døgnbemanna telefonen som blir svara på av to personar til kvar ein tid.

– Hadde ho gjort det, så hadde vi tatt henne ut av vakta og sett inn ein annan vikar, seier leiar Katharine Gude Aspvik i Smart Bemanning.

NRK har kontakta forsvarar Gisle Didriksen onsdag, utan å få svar.

Katharine Gude Aspvik

FEIL FRAMGANGSMÅTE: Dagleg leiar Katharine Gude Aspvik i Smart Bemanning seier sjukepleiaren burde ringt den døgnbemanna vakttelefonen for å varsle om at ho ikkje ville ha vikarvakta.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Gjer ei rekkje vitneavhøyr

Politiet etterforskar om pasientar ved andre sjukeheimar har blitt utsette for det same.

Den sikta har hatt vakter ved fleire sjukeheimar i Bergen og har allereie forklart at ho gjorde noko liknande tidlegare i mars.

– Vi har ei rekkje med vitne som må avhøyrast og det blir ein omfattande jobb, seier politiadvokat Cathrine Krohn.

Fylkeslege Helga Arianson opplyser at tilsynssaka vart formelt starta på tysdag. Torsdag skal ho møte politiet for å avklare korleis dei kan gå fram i saka.

Ho meiner hendinga skil seg klart ut frå andre tilfelle av feilmedisinering.

– Vi har ikkje hatt slike saker dei siste ti årene. Dette er ikkje hendingar vi ser ofte eller mykje av. Vi har nokre saker der pasientar får feil medisin, men det er noko heilt anna enn vi snakkar om her. Det er gjort med hensikt, seier Arianson.

Tilsett i kommunen

Politiet har teke imot ei oversikt over sjukeheimane den sikta har jobba på dei siste åra, men Krohn gir ingen detaljar om den.

Men NRK får bekrefta at sikta også er tilsett som sjukepleiar i kommunen.

– Vi har ei personalsak som vi no handterer. Vi gjer eigne undersøkingar og hjelper politiet. Det er vårt ansvar uansett, når ho jobbar på våre sjukeheimar, seier etatssjef Karl Henrik Nicolajsen.