Hopp til innhold

Sjukepleiaren dopa ned pasientar – så skal ho ha blitt funnen sovande på vakt

Kollegaer har levert rapport etter at dei fant sikta sjukepleiar sovande på nattevakt.

Ladegården sykehjem i Sandviken

DOPA NED: Fire pasientar ved Ladegården sjukeheim i Bergen vart sendt til sjukehus langfredag.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Ei kvinne i 40-åra vart sundag varetektsfengsla i Bergen tingrett, sikta for å ha dopa ned minst fire pasientar ved Ladegården sjukeheim i Bergen.

Sikta erkjenner straffskuld. Ho skal ha brukt antipsykotiske medikament henta frå medisinrommet på sjukeheimen.

I ettermiddag skriv Bergens Tidende at kollegaer same natta skal ha funne kvinna sovande på vakt.

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) stadfestar ovanfor NRK at det er levert rapport frå dei tilsette.

– Det er dokumentert frå kollegaer at dei fann ho sovande på natt, og dette må vi undersøke nærare no, seier Ljosland, som er sterkt kritisk til sjukepleiarens oppførsel.

Rebekka Ljosland

REAGERER: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) er sjølv sjukepleiar. Ho er sterkt kritisk til det som har kome fram i saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Forklarte seg om stressande vakt

Det var sju tilsette på jobb på Ladegården sjukeheim natt til langfredag. Den sikta var einaste sjukepleiar på avdelinga der neddopinga har skjedd.

– Ho har erkjent å ha gitt pasientane medisin som ikkje er utskriven av lege, seier politiadvokat Cathrine Krohn til NRK.

Ho omtalar saka som alvorleg og seier det viktigste er å få avdekka om sikta har gjort dette mot fleire enn dei fire ho er sikta for ha dopa ned.

Natt til langfredag skal ha vore ei stressande vakt for sjukepleiaren, som har forklart at ho gav pasientane medisinane fordi dei var urolege.

Bergensavisen skriv at sjukepleiaren sjekka pasientane ein gong i timen etter å ha gitt dei medikamenta, og at ho visste at dosen ho gav dei ikkje var farleg.

Innrømmer å ha gjort det før

Dagvaktene som kom på jobb om morgonen langfredag, reagerte på at fleire av pasientane var uvanleg trøytte. Politiet vart kontakta og kvinna vart arrestert same dag.

I fengslingsavgjerda kjem det fram at kvinna har forklart at ho gjorde noko liknande i byrjinga av mars. Det er førebels uklart kva sjukeheim dette skal ha skjedd på.

Kvinna var innleigd vikar gjennom vikarbyrået Smart Bemanning.

Dei har gitt ei liste til politiet og kommunen som syner sjukeheimar og institusjonar som sikta har jobba ved, etter at ho vart tilsett i vikarbyrået i midten av 2016.

Ladegården sykehjem i Bergen

FLEIRE PÅ JOBB: Det var sju tilsette på jobb natt til langfredag, men den sikta var einaste sjukepleiar på sin avdeling.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Hatt vakter gjennom eitt år

På Ladegården sjukeheim har sikta hatt fleire vikarvakter, også for eitt år sidan.

– Ho har jobba på sjukeheimen både i 2017 og i 2018, seier fylkesleiar Mette Mikkelsen i Norges sjukepleiarforbund, som seier saka er trist.

- Det er ikkje slik ein skal oppføre seg som sjukepleiar.

Bergen kommune har formelt politimeld kvinna tysdag 3. april. Fylkeslegen opnar tilsynssak mot sjukepleiaren. Den sterkaste reaksjonen ho kan venta seg derifrå er tap av autorisasjon.

Straffelovas paragraf 273, som sjukepleiaren er sikta for brot på, har ei øvre strafferamme på seks års fengsel.