NRK Meny
Normal

Knivmann må bli i fengsel

Lagmannsretten har avgjort å utvida varetektsfengslinga av ein 27-åring som truga med å kappa penisen av ein mann.

Mannen blei først varetektsfengsla for to veker. Etter det ville politiet forlenga fengslinga, men Bergen tingrett avviste kravet.

Men no har Gulating lagmannsrett gitt politiet medhald, og 27-åringen er, ifølgje BT, varetektsfengsla fram til 11. april.

Truga med ein kjøkenkniv

Det rann over for  27-åringen då han såg mannen som er under etterforskning for mogleg overgrep mot den sju år gamle dottera hans.

Med ei jernstong og ein kjøkenkniv, truga han mannen på livet, og seinare sa han til politiet at han ville kappa penisen av mannen.

Grunngjevinga for å varetektsfengsla mannen vidare er at «det er svært stor grad av sannsynlighet for at siktede på nytt vil rette angrep mot fornærmede om han løslates.»

 

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Programleder: Mariann Reikerås