Av:
Siri Løken /
Eli Bjelland
Utsleppa i Bergen har auka med 16% frå 1991 til 2004, noko som er 4% meir enn landsgjennomsnittet.
3,5 tonn CO2 per innbyggjar
Kvar innbyggjar i Bergen tilførte atmosfæren rundt 3,5 tonn CO2 i 2004.
Det er meir enn eitt tonn meir enn kvar innbyggjar i storbyar som Oslo og Stavanger.
Vegtrafikk får skulda
Det er særleg utslepp frå vegtrafikk som gjer at utsleppa har auka så mykje.
Kristiansand er den einaste byen i landet som har større utsleppsauke enn Bergen.