Hopp til innhold

Ukjent gjerningsmann rana kiosk i Bergen

For tredje gong denne veka er ein kiosk i Bergen utsett for ran. Politiet jaktar på gjerningsmannen.

7-Eleven på Støletorget i Bergen

RANA: 7-eleven på Støletorget i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Klokka 22.51 torsdag kveld fekk politiet melding om eit ran på 7-eleven på Støletorget i Bergen sentrum.

– Gjerningsmannen truga til seg eit ukjend pengebeløp, og sprang deretter frå staden, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet til NRK.

Det var ein tilsett på jobb då ranet skjedde.

– Ho vart tatt vare på og tatt med til kriminalvakta. Vedkommande var tydeleg prega av det som hadde skjedd og vi hadde ho inne til ein prat, fortel Rebnord.

Han legg til at arbeidsgjevar følgjer opp. Den unge kvinna skal ikkje vera fysisk skadd etter ranet.

Ukjent gjerningsmann

Ifølge politiet er gjerningsmannen 180 cm høg, og hadde på seg svart hettegenser og ei svart joggebukse

Patruljar har leita etter ranaren i Bergen i heile natt men ingen er førebels arresterte i saka.

– Tjuveriavsnittet tek over etterforskinga no. Dei kjem til å gå gjennom materiale frå overvakingskamera som vi ikkje har fått tilgang til i natt, forklarar Rebnord.

Fleire ran i Bergen

Det har vore fleire ran i Bergen denne veka. Hendinga på Støletorget kjem under eitt døgn etter at Esso-stasjonen i Kanalveien vart rana av ein mann med pistol.

Her hadde politiet ein person inne til avhøyr torsdag ettermiddag, men utfallet er ukjent.

Måndag føremiddag vart Deli de Luca-kiosken i Torggaten rana av ein mann med ein våpenliknande gjenstand. Også her er gjerningspersonen framleis ikkje tatt av politiet.

ukjent pengebeløp