Kapteinen på den Panama-registrerte tankbåten "Fjordtank" snakka utydeleg og snøvla på VHF-radioen.
Kystvakta reiste difor ut til skipet.
Utvida promillekontroll
Då kapteinen blåste raudt, blei han teken med til land for utvida promillekontroll.
Resultatet av blodprøven er venta først om ei vekes tid.
Det 65 meter lange tankskipet ligg no i Austrheim, og er lasta med fiskeolje og kaustisk soda.
På veg til Sogn
Tankaren var på veg til Årdalstangen i Sogn, der han skulle lossa kaustisk soda.
Eigar av skipet er Fjord Shipping i Måløy.
- Me har snakka med kapteinen, mannskapet og Kystvakten. Mannen er sendt på land, og det er no ein ny kaptein ombord. Elles har me ikkje så mykje meir å seia om saka, seier dagleg leiar Magne Årvik i Fjord Shipping til Bergens Tidende.