NRK Meny
Normal

Her blir bussturisten (75) redda ut av breen – alvorleg skadd etter fall på 15 meter

– Det er heilt utruleg at det gjekk så bra, seier politiet.

Turist falt ned i breglippe på Folgefonna

HENTAST UT: Her er den 75 år gamle turisten i ferd med å heisast opp. I 3,5 timar sat han fast 15 meter under breen.

Foto: Hordaland alpine redningsgruppe

Politiet trykte på den store, røde knappen då dei fekk telefon frå ein utanlandsk turist som sat fast i ei bregleppe ved Folgefonna laurdag ettermiddag.

Etter 3,5 timar blei den kanadiske bussturist redda ut i ein større redningsaksjon ved isbreen i Hordaland.

Sundag morgon opplyser Helse Bergen at mannen er alvorleg skadd.

Mista fotfeste og sklei

Tre helikopter var i sving for å lokalisera turgåaren, som ikkje ante kor han var. Den 75 år gamle kanadiaren er på ferie i Noreg, og var del av eit større reisefølge. Saman med kona og svigerdottera hadde han tatt buss opp til skianlegget.

Turist (75) i det han blir reddet opp fra breglippen

REDDA UT: Her er mannen akkurat heist opp frå den 15 meter djupe kløfta. Helsetilstanden hans er ukjend. – Det var ein krevjande jobb, seier Endre Grønlund i Hordaland alpine redningsgruppe.

Foto: Hordaland Alpine Redningsgruppe

Derifrå hadde han gått på tur aleine, og forvilla seg ut på ei snøbru. Kledd i lette fjellsko og shorts, mista han fotfeste og sklei.

Området mannen gjekk i består av fjell og snøfenner, og skal ikkje vera på sjølve breen.

Det neste, som turisten har forklart til politiet, er at han rutsja nedover snøen og fall ned i ei 15 meter djup bregleppe, mellom brekanten og fjellet.

Der kilte han seg fast, forslått og ute av stand til å gjera greie for seg.

– Det er rett og slett utruleg at dette gjekk så bra, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre.

Biler Folgefonna

KUPERT: Mannen blei funnen om lag 500 meter nordvest frå parkeringsplassen ved Fonna glacier resort. Han kom hit i lag med eit bussfølge.

Foto: Jan Petter Svendal

Blei funnen ved å lytta til helikopterduren

Mannen har forklart til politiet at han rutsja nedover snøen før han fall ned i sprekken. Der låg han forslått, ute av stand til å gjera greie for seg.

Frå sprekken ringde mannen naudnummeret. Operatøren ved operasjonssentralen forsøkte å få 75-åringen til å senda sin posisjon via mobiltelefonen. Det lukkast ikkje.

– Mannen snakkar ikkje norsk og hadde det vondt. Det gjorde kommunikasjonen vanskeleg.

Difor blei eit loshelikopter og ein luftambulanse sendt til området for å søka etter mannen. Det viste seg å vera utfordrande.

– Mannen fortalde at han hadde gått 1–2 kilometer frå parkeringsplassen ved skisenteret, men ante ikkje kva himmelretning det var. Leiteområdet var difor innleiingsvis svært stort, seier Sætre.

Løysinga var at Hovudredningssentralen instruerte eitt helikopter til å sveva over leiteområdet. Medan han hadde 112-operatøren på linja, gav turgåaren beskjed då han meinte duren frå helikopteret var sterkast.

– Mannen fortalde at han knapt gløtta litt lys frå sprekken over seg. Likevel klara han å vera så spesifikk at me fann ut om lag kor han låg. Då søket blei innsnevra, såg me fotspor og sklispor i snøen ned mot ein bresprekk, fortel Sætre.

Mannen sklei og falt ned her og videre ned sprekken (vises ikke i bildet)

SPOR: Ein kan tydeleg sjå spora i snøen der mannen sklei. Han fall vidare ned i sprekken (som ikkje er synleg i biletet)

Foto: Hordaland alpine redninsgruppe

Låg trongt og vanskeleg til

Til saman 20 personar deltok i redningsaksjonen på bakkenivå. Til slutt var det ei innsatsgruppe frå Hordaland alpine redningsgruppe som fekk heist mannen opp. Gruppa består av frivillige klatrarar som er spesialistar i å ta seg ned bratte fjellområde.

– Mannen låg trongt og vanskeleg til nedi sprekken. Han var våken heile vegen opp, og sjølvsagt veldig glad for å sjå oss, seier leiar for den fire mann store innsatsgruppa, Erlend Grønlund.

Også han meiner mannen var heldig.

– At han hadde med seg mobiltelefon, og attpåtil dekning, var ein svært viktig faktor.

Tilstanden til mannen er ukjend. 75-åringen blei transportert direkte til Haukeland sjukehus.

– Han var forslått, kald og hadde det vondt, men hadde det etter forholda bra då han kom opp, seier operasjonsleiar Sætre.